Hopp til innhold

Stryn og Volda: – Eit håplaust prosjekt

Tidlegare ordførar Nils Petter Støyva (Ap) i Stryn er svært glad for det klare utfallet av folkerøystinga i Stryn om samanslåing med Volda og Hornindal.

Nils P. Støyva

GLAD FOR NEI TIL VOLDA: Nils P. Støyva var ordførar i Stryn i 12 år og meiner ei smaanslåing med Volda er unaturleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Berre 11,7 prosent av dei som sa si meining i Stryn ville ha ein storkommune med Volda og Hornindal. Støyva var ordførar i Stryn frå 1999 til 2011, og han er veldig glad for utfallet.

– Samanslåing av Stryn, Hornindal og Volda er eit håplaust prosjekt. Då snakkar eg ikkje om Stryn og Hornindal, men om Volda. Å kople på Volda er for meg ei heilt unaturleg eining. Det er svært langt frå Utvik til Volda.

Utfallet kom ikkje overraskande på den tidlegare ordføraren.

– Eg hadde ikkje tippa at 88,3 prosent ville avvise Volda, men eg hadde venta 75 til 80 prosent. For meg er det gledeleg overraskande at det var eit så stort og massivt fleirtal for å seie nei til Volda. Dette er ein hard dom frå veljarane over etablissementet i Stryn.

Skjermdump Nils P Støyva

GLEDESYTRING PÅ FACEBOOK: I går kveld kommenterte Støyva utfallet av folkerøystinga på Facebook.

Foto: skjermdump

– Massiv propaganda

Nils P. Støyva er kritisk til ordførar Sven Flo (H), som han meiner har drive einsidig informasjon til fordel for samanslåing med Volda.

– Eg har vore kritisk både til han og til lokalavisa i Stryn. Det har vore ein massiv propaganda for å slå seg saman med Volda dei siste tre-fire månadene. Det har vore einsidig informasjon.

Sven Flo

– UTRULEG KOMMENTAR: Ordførar Sven Flo (H).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Useriøs påstand

Ordførar Sven Flo (H) likar dårleg påstanden frå Støyva om at han har drive einsidig informasjon i saka.

– Det er ein utruleg kommentar frå ein tidlegare politikar. Alle prosessane våre har vore forankra i kommunestyret, alle modellvariantane vi har utgreidd har og vore forankra i kommunestyret. Ingenting er gjort utan at det er forankra i kommunestyret.

Han meiner påstanden frå Støyva er useriøs.

– Det er ikkje mogeleg å ta denne påstanden seriøst i det heile.

Redaktør for Fjordingen

– HAR SLEPPT TIL ALLE SYN: Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Redaktør Bengt Flaten i lokalavisa Fjordingen seier at påstanden frå Støyva fell på si eigen urimelegheit.

– Vi har dekt alle folkemøte og referert alle syn. Vi hadde mellom anna ei dobbelside med tre tidlegare ordførarar, mellom dei Støyva, som var imot samanslåing med Volda.

– At Fjordingen på leiarplass har sagt at ei samanslåing med Volda ville vere spennande, og at eg tek til orde for ein slik konstellasjon, står eg inne for. Men det handlar ikkje om propaganda, her har avisa teke eit standpunkt på leiarplass, men redaksjonelt har vi sleppt til alle syn.

Håpar på Stryn/Hornindal

Nils Petter Støyva presiserer at han ikkje er imot kommunesamanslåing generelt. Han meiner at Stryn og Hornindal er ei naturleg samanslåing.

– Ja, og no har eit stort fleirtal av innbyggjarane i Stryn sagt at det er naturleg, så no er det opp til honndølene kva veg dei vil gå.

Innbyggjarundersøkinga i Hornindal viste at akkurat like mange vil til Volda som til Stryn. Støyva håpar at honndølene vel Stryn når det kjem til stykket.

– Går Hornindal nordover lagar dei ei fylkesgrense på Maurset, og deler garden Maurset i to, med ein del på kvar side av fylkesgrensa.