Hopp til innhold

Skjebnedag for dei to høgreordførarane

I kveld seier innbyggjarane i Stryn og Hornindal ja eller nei til kommunesamanslåing.

Stig Olav Lødemel og Sven Flo

DEI SEIER JA: Dei to høgreordførarane Stig Olav Lødemel og Sven Flo seier ja til samanslåing. Seinare i kveld får dei vite kva innbyggjarane vil.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Magefølelsen tilseier ein liten nordleg bris. Eit overveldande fleirtal blir det sannsynlegvis ikkje. Det er delte meiningar om dette, så vi får vente og sjå, seier ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel (H).

I dag skal kommunekartet i Indre Nordfjord avgjerast. I Stryn vert det folkerøysting om kommunen skal slå seg saman med Hornindal eller i tillegg Volda, eller velje å stå åleine. I tillegg får vi vite resultatet av innbyggarkartlegginga i alle dei tre kommunane.

Stig Olav Lødemel

HÅPAR PÅ SAMANSLÅING: Stig Olav Lødemel (H) håpar innbyggjarane i kommunen ser nordover mot Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Trur ikkje på storkommune

I lengre tid har ordførarane i Volda, Stryn og Hornindal ivra for å få til intensjonsavtale på tvers av fylkesgrensa. I dag kan vi få svaret på om Sogn og Fjordane skal krympe, men Stig Olav Lødemel tvilar på at det endar opp med ei storkommune.

– Eg er blitt svekka i trua den siste tida på at vi klarer å samle alle tre. Eg er litt bekymra for at det som har skjedd rundt oss med at så mange har sagt nei påverkar også vårt resultat.

Sven Flo

STRYN OG HORNINDAL: Sven Flo (H) i Stryn trur ei samanslåing mellom Stryn, Hornindal og Volda vil vere ei god løysing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Samstundes er Lødemel klar på at Honndølene må velje mellom Stryn eller Volda. Å halde fram som eiga kommune meiner han ikkje er aktuelt.

– At det er dei som meiner det at vi kan gjere det er heilt sikkert. Men realistisk sett er det vel lite sannsynleg at vi som politikarar tar den sjansen.

Håpar på samanslåing

Hornindal og Stryn har samarbeidd tett i årevis. Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), likar ikkje tanken på at banda skal bli svakare.

– Samarbeidet vil nok i ei eller anna form gå, men det er klart at eg ville sjå det som ein fordel at Stryn og Hornindal var same kommune i framtida.

Sven Flo trur framleis at Stryn, Hornindal og Volda kan vere ei god løysing.

– Stryn og Hornindal er eit godt alternativ. Det har vi kommunisert heile tida. Vi har også sagt at det finst gode argument for å slå saman Stryn, Hornindal og Volda.

Per Kjøllesdal

SJØLVSTENDE: Senterpartimannen Per Kjøllesdal håpar Hornindal blir verande i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

I Stryn er det likevel stor skepsis til storkommune. Både KrF, Ap og Sp er i mot samanslåing med Volda, men har sagt dei støttar å gå saman med Hornindal, om Honndølene vil det.

Fordel å stå åleine

Sp-politikar Per Kjøllesdal meiner ei storkommune rett og slett vert for stor.

– Det er langt frå Utvikfjellet til vestenden i Volda. Det blir ein veldig stor kommune i geografisk utstrekning.

Kjøllesdal meiner det er lite lurt å gå ut av Sogn og Fjordane, ikkje minst med tanke på vidaregåande skule.

– Det vil merkast både på kommunalt nivå og på vidaregåande skule. Eg ville sjå det som ein stor fordel at Hornindal er i Sogn og Fjordane.