Stryn har sett ny nedbørsrekord

Det har aldri før blitt målt så mykje nedbør i Stryn som det var fredag. Ni andre målestasjonar har sett ny novemberrekord.

Ras ved Hjelle i Oppstryn

MYKJE REGN: Det har bøtta ned i Sogn og Fjordane siste dagene. I Stryn blei det sett all time high- rekord. Biletet er frå eit ras i Oppstryn.

Foto: Roger Vik

På målestasjonen Kroken i Stryn blei det fredag målt heile 104, 9 mm.

– Dette er ny rekord i Stryn. Så mykje har det aldri før blitt målt her, seier meteorologikonsulent Kari Bergfjord ved vêrvarslinga på Vestlandet.

I tillegg til rekorden på Kroken, blei det sett nye novemberrekordar på ni målestasjonar i Sogn og Fjordane.

  • Svelgen 108, 7 mm
  • Daviknes 106,5 mm
  • Fureneset, 91,1 mm
  • Førde, Tefre 76,6 mm
  • Viksdalen 84,6 mm
  • Hornindal 85,2 mm
  • Refvik 64,0 mm
  • Innvik 42,1 mm
  • Lærdal 22,8 mm

Store skilnader i same kommune

Bergfjord seier det har vore veldig store nedbørsmengder i Sogn og Fjordane, med store geografiske skilnader.

– Stryn brukar ikkje å få så mykje nedbør til vanleg, så dette har med vindretning å gjere. Det som er interessant er dei store lokale variasjonane. Medan Kroken målte 104, 9 mm, fekk Innvik som også ligg i Stryn, 42, 1 mm, seier ho.

Store skader

Uveret dei siste dagane har ført til mange ras og stengde vegar i Sogn og Fjordane. Fleire stader har det blitt store øydeleggingar.

I Stryn køyrde ein buss inn i eit ras på riksveg 15 ved Hjelle. Også i Briksdalen i Olden måtte folk ha hjelp etter at dei vart innesperra av ras. Ein campingplass i Eid fekk store skader etter at ei elv tok eit nytt løp.

Meir vind og regn

Etter ei helg med mykje heftig ver, seier statsmeteorolog Steinar Skare at vi framleis må vere budde på vind og nedbør.

– Utover ettermiddagen aukar det på med vind i Sogn og Fjordane. Den kjem opp i sørvest liten kuling utover ettermiddagen og sterk kuling ved Stad. Det blir enkelte byger, seier han.

Frå i kveld er det venta sørleg opp i sterk kuling og ved Stad full storm, Vinden minkar måndag morgon.

– Då kan vi vente oss regn og yr, med ei snøgrensa på 800–1000 meter. Måndag ettermiddag vestleg frisk bris og regnbyer, snø i fjellet over 300–500 meter.

Gløtt av sol og kjøligare

Det blir mildt fram til måndag ettermiddag, men så fell temperaturen. Tysdag blir det vind frå vest, nordvestleg retning. Det blir frisk bris utsette stader.

– Tidleg på dagen er det venta regn og sludd i låglandet. Dette går over til snøbyer. Denne dagen er det ikkje lurt å køyre med sommardekk, seier Skare.

Mellom bygene kan det vere håp om gløtt av sol innimellom bygene. Onsdag og torsdag får ein kjølig vertype med minusgrader i indre strok og så vidt på pluss i ytre.

– Det kan bli snø i kystområda, elles er det fint og kaldt onsdag og torsdag, seier han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.