Hopp til innhold

Stryn fekk Fair play-utmerking for straffebom

Då Stryn fekk eit straffespark på ein dommarfeil mot Skavøypoll, valde Stryn-spiss Mads Wie å bomma med vilje. No har dei fått ei Fair Play utmerking frå fotballkrinsen

Her bommer han med vilje

Sjå straffesituasjonen og bommen her.

– Det var flott gjort at dei gjorde det slik og det skulle jo ikkje ha vore straffe, så då vart det riktig, seier leiar i NFF Sogn og Fjordane, Robert Endestad til NRK.

Kvar månad gjennom sesongen trekk fotballkrinsen fram eit lag, spelar, klubb, lagleiar eller arrangement som har vist ekstra god sportsand. Denne månaden falt valet på fjerdedivisjonslaget Stryn, etter forslag frå motstandarlaget Skavøypoll.

Skryt

Mads Wie

Stryn-spiss Mads Wie.

Foto: Privat

Tidlegare har blant anna NRK sin fotballekspert Karl Petter Løken rost Stryn og Wie for det dei gjorde.

– Det er ikkje mange som ville gjort det same. Det står utruleg respekt av det, sa Løken då episoden vart kjend.

For det som skjedde var at Stryn fekk tildelt eit straffespark på stillinga 4-2, etter ei misforståing ved dommaravgjersla på ein corner. Skavøypoll-spelar trudde det var blåst for frispark etter at corner var teke og tok ballen i hendene. Det var det ikkje, og dommar blåste for hands og straffespark til Stryn.

Stryn-spelarane samla seg deretter og bestemte seg for å bomme med vilje på straffesparket. Straffetakar Mads Wie sette straffa langt utanfor målet til Skavøypoll, til stor jubel frå både publikum og motspelarar.

Dette seier NFF Sogn og Fjordane om grunne til at dei gjev prisen til Stryn og Mads Wie:

«Dette var ein flott gest frå Stryn T&IL og viser Fair play i praksis. Når dette i tillegg var ein særs viktig kamp for Stryn med tanke på mogeleg seriemeisterskap og toppscorartittel til Wie, set det hendinga i eit enno betre lys!

Vi gratulerer Mads Wie og Stryn T&IL med Månadens Fair play, og ønskjer å markere tildelinga med diplom og gåve ved seinare høve!»

Klokka 15.00 laurdag speler Stryn heimekamp mot Sogndal 2. Begge laga kjempar om opprykk til tredjedivisjon. Med siger er det Sogndal 2 som rykker opp, medan Stryn også kan sikra opprykk, men då bør dei slå eit Sogndal 2-lag som er styrka med fleire spelarar frå A-stallen.