Hopp til innhold

Stryn blir i Sogn og Fjordane

Formannskapet i Stryn konkluderte i dag med at dei inntil vidare vil vere ein del av Sogn og Fjordane, og dermed truleg ein del av ein ny vestlandssregion. Ordførar Sven Flo (H) har tidlegare signalisert at Stryn burde bli ein del av Møre og Romsdal. Etter møtet onsdag seier han at den ballen mellombels er lagt død.