Det har storma kring helse Førde heilt sidan helseføretaka vart oppretta i 2002, då Staten tok over ansvaret for sjukehusa.
Til no har kanskje den sterkaste kritikken kome frå dei tilsette sjølve. Men i ein ny rapport, som helseføretaka sjølve har fått gjennomført, får Helse Førde strykkarakter. Og det frå innbyggjarane i Sogn og Fjordane.
Andre får gode skussmål
Heile 37 prosent svarar at dei har eit dårleg inntrykk av Helse Førde. Medan andre føretak i Helse Vest får gode skussmål, trekker vurderinga av Helse Førde ned. Og det ganske monaleg, heiter det i rapporten.
Brukarane slaktar Helse Førde si evne til syte for at innbyggarane får eit tilfredsstillande helsetilbod, og at dei skal klare å halde styr på økonomien. Det kan heller ikkje vere hyggeleg lesnad at heile 50 prosent av dei spurde stiller spørsmål ved den faglege kompetansen ved sjukehusa i Helse Førde.
Og det som verre er - dei spurde i spørjeundersøkinga har liten eller ingen tillit til at helseføretaket skal klare å forbetre seg.
Forbetringspotensiale
Men administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, meiner tala ikkje berre er negative. - Vi har eit forbetringspotensiale, men 77 prosent har stor tiltru til at dei får den behandlinga dei treng om dei blir sjuke, seier han.