Hopp til innhold

Draumepåske for surfarar mellom bratte fjellsider

Store, iskalde bølgjer og barsk natur lokkar folk frå heile verda til ein liten plass på Stad. Hoddevika er blitt eit mekka for surfarar.

Video Hoddevika mekka for surfarar

SJÅ VIDEO: Hoddevika – eit paradis for surfarar.

Mange surfarar reiser jorda rundt på leiting etter dei beste bølgjene. På kysten av Sogn og Fjordane fann dei akkurat det dei var ute etter, mellom bratte fjellsider i havgapet ved Stad.

Lars Musschoot

KJEM IGJEN: Lars Musschoot frå Belgia tykkjer det er flott i Hoddevika.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Lars Musschoot frå Belgia hadde lest om staden på internett.

– Eg kom hit med store forventningar og det var betre enn eg trudde. Det er verkeleg flott her, seier han og legg til at han heilt sikkert kjem igjen.

På den kilometer lange stranda finn du nemleg ein av Norges vakraste surfeplassar. Ein annan som har reist langt er Edilberto Morales Mendez frå Panama. Det første døgeret han var her, opplevde han tre årstider, toppa med ein snøstorm.

Edilberto Morales Mendez

PARADIS: Edilberto Morales Mendez frå Panama stortrivast i Hoddevika.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men snøen, den kalde vinden og det iskalde vatnet skremmer ikkje surfaren som er van med meir behagelege temperaturar.

– Det går veldig greitt å takle det kalde vatnet her, seier han.

Mendez seier Hoddevika er som eit paradis.

– Dette er så unikt og det er så fredeleg her, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.