NRK Meny
Normal

Ferietid gir auka pågang hjå krisesenteret

Krisesenteret i Florø har hatt auka pågang av folk som treng hjelp etter å ha blitt utsette for fysisk eller psykisk vald. Til no i år har 79 personar nytta seg av butilbodet, noko som er 25 fleire enn på same tid i fjor.

Wenche Hovland

VIL SKÅNE: Wenche Hovland fortel at mange gjerne vil skåne borna, og at det difor sit langt inne å forlate heimen.

Foto: NRK

- Vi har hatt ganske stor pågang i sommar. Ser vi på same periode i 2012, har vi ein klar auke, seier Hovland.

Til no har 40 kvinner, fire menn og 35 barn fått hjelp ved krisesenteret.

Hovland torer ikkje spekulere i kva som kan vere årsaka til det.

- Det er vanskeleg for meg å seie om kva tendensar i samfunnet som har gjort til at vi har opplevd ein auke, seier Hovland.

Aktiviteten svingar

Ho understrekar at det er svingingar.

- Nokon gonger er det stilt om sommaren, medan det andre gonger er meir aktivitet, seier Hovland.

Men ho trekkjer fram nokre fellesnemnarar.

- Tendensen vi kan sjå er at dei som tek kontakt med oss gjerne har levd psykisk eller fysisk vald over lang tid. Mange utset det å forlate heimen og ta kontakt med krisesenteret til ungane har ferie, til dømes, seier Hovland.

Mange held ut for å skåne borna

Ho legg til at ein ser same tendensen rundt juletider og høgtidene.

- Dei ønskjer gjerne ikkje å øydeleggje noko for borna i høgtida, og så prøver dei å halde ut og tenkjer at det er til bornas beste, og så tek dei kontakt med oss etter at høgtida er over, seier Hovland.

Også menn har nytta seg av tilbodet

Nytt i år er det at også menn tek kontakt og nyttar seg av butilbodet ved krisesenteret. Hovland trur det skuldast auka tilgjenge.

- Det kan også skuldast at vi har hatt auka marknadsføring i år, vi har sendt ut brosjyrar til alle etatar, og vi har vore meir i media og informert om tilbodet vårt, seier Hovland.

Ho trur også at tilbodet er vorte meir kjent.

- Det kan hende at det er vorte meir kjent, at krisesenteret også har eit tilbod til menn, trur Hovland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.