NRK Meny
Normal

#sjekkdeg-kampanjen får jenter til å ta HPV på alvor

FØRDE (NRK): Fleire unge jenter vaksinerer seg mot livmorhalskreft. Mykje kan skuldast den store kampanjen #sjekkdeg.

KAMPANJEVIDEO: Sjukepleievenninnene tykkjer kampanjevideoen til Kreftforeningen er viktig.

KAMPANJEVIDEO: Sjukepleiarvenninnene Ingvild Hindenes, Annie Elise Rygg, og Lena Kjos tykkjer kampanjevideoen til Kreftforeningen er viktig, med gode bodskap.

Foto: Linda Watten / NRK

Kampanjen #sjekkdeg skal oppfordra unge jenter til å vaksinere seg og ta celleprøve når dei har fylt 25.

– Det er eit viktig bodskap i kampanjen, seier Annie Elise Rygg.

Ho og venninnene Ingvild Hindenes og Lena Kjos er sjukepleiarstudentar i Førde. Dei meiner videoen Kreftforeningen har laga til kampanjen #sjekkdeg er med å framheve kor viktig det er med HPV-vaksinasjon.

– Det har vore mykje fokus på HPV, og kor viktig det er å vaksinera seg, så eg trur absolutt fleire tek den no enn tidlegare, seier Ingvild Hindenes.

– Det er viktig å vise det fram på Facebook og andre plattformer der ungdom er. At det poppar fram automatisk sånn at me får det med oss, for det er jo eit veldig viktig tema, meiner ho.

Dei meiner det er bra at temaet HPV blir sett fokus på gjennom ulike videoar og kampanjar som kjem fram på sosiale medium.


– Det er noko av det me bør fokusere på å få meir av, seier Annie Elise Rygg. Dei andre jentene nikkar samde.

#sjekkdeg: På toalettet hjå Pikant i Førde bruker dei også kampanjen til å oppfordre unge jenter.

SYNLEG: På toalettet hjå Pikant i Førde blir også kampanjen brukt til å oppfordra unge jenter.

Foto: Linda Watten / NRK

Viktig tiltak

Folkehelseinstituttet har ingen klar statistikk endå på at kampanjen faktisk har bidrege til at fleire vaksinerer seg, men det siste halvåret har helsesøstrene i Førde hatt hendene fulle med å vaksinere jenter.

Heile 860 dosar av vaksina er blitt gjeve. Ein treng tre dosar for at vaksina skal vera komplett. I fjor kom eit nasjonalt tilbod om at alle unge jenter fødde etter 1991, skal få gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld i to år framover.


– Me er veldig nøgde med å ha vaksinert så mange. Det å beskytte seg mot HPV, som er ein veldig vanleg, seksuelt overførbar virussjukdom, er det viktigaste tiltaket ein kan gjera for å førebygge livmorhalskreft. Sjukdomen tek livet av ca. 100 kvinner i Noreg årleg, seier kommuneoverlege Øystein Furnes.

Denne våren har dei hatt vaksinekveldar på Rådhuset i Førde, og dette har vore veldig populært for unge jenter som har strøyma til for å vaksinere seg mot kreftsjukdomen.

Øystein Furnes, kommuneoverlege i Førde.

NØGD: Kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes, tykkjer det er bra at fleire unge jenter vaksinerer seg mot HPV og tek celleprøve.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Celleforandringar

I tillegg til å vaksinere seg mot HPV, blir alle unge jenter oppfordra til å sjekka seg for celleforandringar. Dette er tiltak som kan hindre unge jenter i å få livmorhalskreft, og som kan redde liv.

– Den kombinasjonen av vaksinering, og regelmessige celleprøver er svært viktig, understrekar Furnes.

– Dess meir me blir minna på dette gjennom reklamevideoar og slike kampanjar som #sjekkdeg, dess meir vil jo folk faktisk sjekke seg, seier Lena Kjos.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.