Strikkefeber i heile bygda etter barne-TV

Fotballspelarane og strikkaren Felix har fått svært mykje merksemd i heimbygda Dale etter han var med i Klart eg kan.

Felix Klart eg kan

STRIKKEFEBER: Dei samlast for å sjå barne-tv i stova heime hjå Felix, men alle hadde sjølvsagt med seg strikketøyet også. Felix er nummer to frå høgre.

Foto: Sølvi Rørvik

– Felix har blitt skikkeleg lokalkjendis, ler mor Sølvi Rørvik.

Felix er veldig glad i to ting. Fotball og strikking. Kva er då betre enn å kombinere det, i eit forsøk på å strikke huer til kompisane på fotballaget. Spørsmålet er om han blir ferdig i tide og om kompisane vil like dei.

Tidlegare denne veka gjekk episoden om Felix på barne-tv. Men historia har allereie lege på nett lenge, og her kan du sjå han.

Dei fleste i Dale i Fjaler kommune hadde allereie sett episoden fleire gonger då barne-tv-dagen kom. Men det hindra ikkje stor markering.

– Dei viste det på storskjerm for heile skulen på morgonen. Til og med ordføraren såg barne-tv den dagen. Og på kvelden samla vi nokre vener og ungane deira som er Felix sine vener, seier Sølvi Rørvik.

Stemninga vart god.

– Foreldra kjende på klumpen i halsen, og ungane følgde med på episoden og strikka samstundes, seier Rørvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Felix klart eg kan

SPENTE: Sjølv om dei fleste har sett episoden fleire gonger på nett, var det stor spaning og god stemning i stova då episoden gjekk på fjernsyn.

Foto: Sølvi Rørvik

Strikkefeber langt utanfor grensene i Dale

For strikking breier om seg. Både i Dale og langt vidare.

– «Alle» strikkar no. Det er veldig moro. Eg har ei venninne i Bergen, og ungane deira har sett episoden mange gonger, og har byrja å strikke ivrig, seier Rørvik.

Og det er ingen som hevar augnebryna av strikkehobbyen.

– Kameratane og fotballkompisar synest det er kult at han strikkar. Han har vener som no sit fokuserte og strikkar. Og på eit fotballakademi han er med på er det berre gode tilbakemeldingar å få, seier Rørvik

Bestemor og haustferie med elendig vêr

Felix sjølv har ikkje noko mot merksemda.

– Det er veldig stas, han er eit einaste stort smil. Samstundes tek han det med fatning og er nøktern.

Sjølve strikkinga starta han med på haustferie i fjor.

Felix klart eg kan

MORO: Fleire enn Felix har vorte bitne av strikkebasillen.

Foto: Sølvi Rørvik

– Han og nokre søskenborn var med bestemora på haustferie. Vêret var svært dårleg, og få tenkte bestemor at dei kunne lære strikking. Felix kom heim heilt hekta og veldig ivrig. Han strikka som ein gud, ler mor.

Under fotballsesongen i sommar roa det seg litt, for fotball er den andre store lidenskapen. Men no har vêret blitt gråare og mørkare, og strikkinga har teke seg opp att.

– Han er av garde med fleire strikkeprosjekt no. Han er heilt i innspurten på nokre Selbuvottar han lovde Vår Staude på God Morgon Norge i vår. Det blir gryteklutar og litt julegåver, seier Rørvik.

For at julegåvene skal kome i boks, går Felix difor i litt andre butikkhyller enn born flest.

– Mange spring til Spiderman-blada, Felix går til julestrikkeblada.