Hopp til innhold

Striden om musea i fylket rasar vidare

Debatten om Musea i Sogn og Fjordane, og spesielt Kunstmuseet, rasar vidare. Venstre og Framstegspartiet vil ha meir kunnskap og kompetanse inn i styret. Kunsten er ikkje styret si oppgåve, svarar styreleiaren.

Frank Willy Djuvik og Harry Mowatt

DJUPT UEINIGE: Kva er eigentleg styret i Musea i Sogn og Fjordane

Foto: Montasje / NRK

– Anten må dei byrje å gjere jobben sin, og stille tydelege krav på kva dei ønsker å oppnå, og korleis dei skal få meir menneske til å kome innanfor dørene. Eller så bør dei overlate plassane sine til nokon som har kunnskap, kompetanse og vilje til å gjere nettopp det, seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Musea i Sogn og Fjordane består av fem avdelingar: Sogn folkemuseum, Kystmuseet, Nordfjord folkemuseum, Sunnfjord museum og Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Det har blåse opp til storm rundt Musea i Sogn og Fjordane dei siste vekene.Spesielt har debatten rasa rundt Kunstmuseet. Eit inntrykk av lågare besøkstal dei siste åra og å bli opplevd som lite samarbeidsvillige er hovudpunkta i kritikken.

Og no har Frank Willy Djuvik fått nok. Både av museumsleiinga, men også av styret i Musea i Sogn og Fjordane.

– Styret prøver ikkje ein gong å late som dei bryr seg om det.

– Det er greitt nok, eg tykkjer det er rørande at Frank Willy Djuvik er så oppteken av eit kunstmuseum som partiet hans opphavleg stemte i mot. Det tykkjer eg er stor framgang, så gratulerer med det, svarar styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt.

Han avviser at kunstmuseet er ein fiasko.

– Tvert i mot så har ein fin framgang. Ein har drive dette i to år no, delvis under veldig vanskelege forhold.

Kor vidt er styret sitt ansvar?

Djuvik og Mowatt er djupt ueinige om kven det er som har ansvaret for at musea i fylket går godt. Styreleiaren seier deira jobb er best moglege rammevilkår for musea i fylket, ikkje å blande seg inn i faglege diskusjonar.

– Når det gjeld kunst, og kunstfaglege forhold, så er dette overlate til direktøren, seier Mowatt.

Djuvik på si side meiner styret har langt vidare oppgåver.

– Museumsdirektøren er verktøyet som styret har fått. Det er styret som har ansvaret, både før økonomien, for drifta, for utviklinga, for publikumstalet, seier Djuvik.

Mowatt meiner at styret har ei meir overordna rolle. Han samanliknar det med forhold i medieverda.

– Det ville vere omtrent det same som at ein eigar av ei avis byrja å blande seg opp i redigeringa av den avisa. Vi veit alle at pressefridomen og redaktøren sitt ansvar, og spesielt fridomen, omtrent er heilag. Det gjeld langt på veg det same innan kunsten, seier Mowatt.

Venstre støttar Framstegspartiet

Djuvik etterlyser altså kunnskap og kompetanse i leiinga av museet. Styreleiar Mowatt legg ikkje skjul på at han ikkje har bakgrunn i kunsten.

– Kunst er ikkje mitt fag, det innrømmer eg gjerne. Men det er heller ikkje mi oppgåve å leggje meg opp i korkje kunstutstillingar eller noko anna. Mi oppgåve er å sørgje for at kunstmuseet har best moglege rammevilkår, seier Mowatt.

Han er vald av fylkestinget.

– Og dersom fylkestinget vil skifte meg ut, er det greitt. Men det må altså fleire stemmer til enn Frank Willy Djuvik.

Den stemma kan kome frå Venstre-politikar Alfred Bjørlo.

– Eg trur det trengst friskt blod og ein heilt annan type kompetanse inn i leiinga av museum i Sogn og Fjordane. Det har Venstre vore med å føreslå før, då vart vi diverre nedstemte. Men eg trur tida er inne for å ta den debatten på nytt, seier Eid-ordføraren og fylkespolitikaren.

Vil gå gjennom besøkstala

Musea i Sogn og Fjordane består av seks avdelingar: Sogn folkemuseum, Kystmuseet, Nordfjord folkemuseum, Sunnfjord museum, Norsk Kvernsteinssenter og Sogn og Fjordane kunstmuseum.

– På bakgrunn av den besøkstalsdebatten som har vore, kjem vi i styret etter ferien til å gjennomgå korleis vi eigentleg ligg an i forhold til andre museum i Noreg, seier Mowatt.

– Det eg veit er at når det gjeld besøkstal så ligg Musea i Sogn og Fjordane på 47. plass av rundt 130 museum. Med vårt folketal er ikkje det så gale.