NRK Meny
Normal

Nei til kommersialisering av flyrutene

Eit overveldande fleirtal i Flora bystyre går mot sitt eige samferdsleutval, og ønskjer ikkje kommersialisering av flyrutene.

Flora bystyre

DEBATT: I Flora kommunestyre har det vore mykje debatt om flyrutene til og frå lufthamna dei siste vekene. På bilete ser du Frank Willy Djuvik (sittande) i diskusjon med Odd Bovim frå Venstre (i midten) og ordførar Bengt Solheim-Olsen (til høgre) på det ekstraordinære bystyret i dag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eit klart fleirtal i bystyret ønskte ikkje kommersialisering. Vårt ønske er å halde fram med dagens system med konsesjonsruter, seier Odd Bovim i Venstre, som stod bak forslaget.

Flora-politikarane vil at flyruter til og frå flyplassen i byen i hovudsak skal vere konsesjonsruter, også etter 1. april 2016.

Konsesjonsruter er flyruter i distrikta. Rutene er ofte lite lønsame for flyselskapa, men staten går inn med tilskot til ei rekkje strekningar i Noreg, for å sikre eit rutetilbod.

Ordførarane nedstemt

Samferdsleutvalet i Flora kommune har gått inn for full kommersialisering av flyrutene. I bystyremøtet førre veke nekta ordførar Bengt Solheim-Olsen først å behandle saka i bystyret.

– Saka har vore handsama i samferdsleutvalet, og på oppfordring frå næringslivet også i formannskapet. Det får halde i denne omgang, sa ordføraren.

Men han vart nedstemt, og i dag var det ekstraordinært bystyremøte.

Venstre vann fram

I det ekstraordinære bystyret på saka i dag, gav leiar for samferdsleutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp) ei grunding orientering om bakgrunnen tilrådinga om kommersialisering. Men han sa samtidig at ein måtte i drøftingar med departementet om å få opplegget minst like godt som dagens rutetilbod. Greier ein ikkje det, må staten gå inn og kjøpe enkelte ruter.

I debatten i dag la både Venstre og Arbeidarpartiet la fram forslag om at Flora kommune framleis ønskjer dagens system. Forsøk på å arbeide forslaga frå Venstre og Arbeidarpartiet saman, lukkast ikkje.

Venstre ville at det skulle vere med eit punkt som sa kva som skulle skje dersom regjeringa, mot Flora sin vilje, likevel gjer rutene kommersielle frå 2016.

Venstre sitt forslag vann fram med 18 stemmer frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre, mot 17 stemmer for Arbeidarpartiet sitt forslag.

– Det kan framleis vere slik at regjeringa har tenkt å kommersialisere i tråd med det dei har sagt, sjølv om Florø kommune vel det motsette. Då har Venstre og eit fleirtal i bystyret kome med gode innspel om korleis ein slik prosess kan gjennomførast, seier Bovim i Venstre.

Nøgd næringsliv

Frank Willy Djuvik, leiar i samferdsleutvalet, seier at det viktigaste for Framstegspartiet ikkje er om rutene er kommersielle eller statleg subsidierte, men at kommunen er i stand til å påverke tilbodet.

– Vi veit at regjeringa allereie har sendt ut ei bestilling knytt til kommersialisering av flyrutene. Fleirtalet opna heldigvis for at vi skal gå i ein dialog for å påverke tilbodet mest mogleg om det blir kommersialisering, seier Djuvik.

Flora industri- og næringsforeining, med høgremannen Bjørn Hollevik som styreleiar, reagerte sterkt på vedtaket i samferdsleutvalet, og kravde framhald av konsesjonsrutene. Foreininga bad også om at saka vart behandla på nytt.

– No har vi fått gjennomslag. No tek ein innover seg kritikken næringslivet kom med, og det skulle berre mangle når vi står for nesten 95 prosent av trafikken på lufthamna. Det primære er konsesjonsruter, seier Hollevik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.