NRK Meny
Normal

Striden blussar opp att

Helikopterutleie søkjer om å doble aktiviteten. Stryningane er forbanna.

Helikopter

Det bles opp til ny helikopterstrid i Stryn. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

- Dersom Helikopterutleie AS får lov til å fly dobbelt så mykje som i dag, betyr det kroken på døra for hytteutleige i delar av Stryn, hevdar utleigar Jostein Beinnes. Hyttene hans ligg midt mellom Solheim og Sandnes helikopterplassar i Olden.

Fleire vil fly

Helikopterutleie AS har søkt Luftfartstilsynet om doble talet på flygingar ved helikopterplassane Solheim og Sandnes i Olden og ved Stryn helikopterplass på Langeset.

- Me har hatt ein kraftig auke i etterspurnaden. Det er grunnen til at me søkjer om utviding, seier marknadssjef Rune Hetle i Helikopterutleie AS.

Sterke protestar

Både Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og innbyggjarar i Stryn har i lang tid vore arge motstandarar av helikopterflyginga på grunn av støyplager. Den bitre konflikten mellom selskapet og innbyggjarane har vara i fleire år. Det heile starta i 2006 då Luftfartstilsynet gav Helikopterutleie AS konsesjon til å byggje, drive og eige fire helikopterplassar i Stryn. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane anka konsesjonssaka til Samferdseldepartementet. Der tapte dei. No varslar naturvernarane ny kamp.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå