Hopp til innhold

Stridast om det nye kommunenamnet

GAULAR/FØRDE (NRK): Kva skal barnet, eller rettare sagt kommunen heite? Debatten går som ei heit potet i Sunnfjord.

Olve Grotle og Hans Jaokb Reite er usamde om bruken av Førde-namnet.

USAMDE: Ordførar i Førde Olve Grotle (H) og Førde-patriot Hans Jakob Reite er usamde om kva den nye storkommunen i Sunnfjord bør heite. – Å lansere Sunnfjord som namn er politiske knebøyingar som ikkje fører nokon stad, meiner Reite.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Eg syns den bør heite Sunnfjord. Det er naturleg og riktig. No er det vår tur til å vere egoistisk, og vi bør få ein kommune som berre heiter det, seier Margrete Skilbrei.

Margrete Skilbrei

SUNNFJORD: Margrete Skilbrei meiner Sunnfjord er det einaste riktige namnet på den nye storkommunen. – Det må vere meir naturleg å kalle det for Førde enn Sunnfjord.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

På Sande i Gaular er folk delte i meiningane om kva den nye storkommunen bør heite. I intensjonsavtalen som ligg til grunn mellom Førde, Jølster, Gaular og Naustdal er det Sunnfjord som står som namn. Det har vekt reaksjonar hjå folk i nabokommunane, som også soknar til dagens Sunnfjord.

– Eg vil ikkje ha Sunnfjord når ikkje alle er med. Dei bør klekke ut eit godt namn, seier Else Birkeland.

Ho får støtte av Førde-patriot Hans Jakob Reite. For han er det berre eit namn som kling godt, og det er Førde.

– Det er motoren i denne regionen, og vi har oppført oss som ein kommune i ein mannsalder. Folk har viska vekk kommunegrensene. Førde er motoren og namnet, seier han krystallklart.

Else Birkeland

GODT NAMN: Else Birkeland har ingen nye revolusjonerande forslag på blokka, men lovar å kome med innspel i debatten som rasar. – Det må vere

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Kan vere ulovleg

Etter at dei fire ordførarane i det som blir den nye storkommunen har sagt at dei vil sende namnet Sunnfjord på høyring til naboane har det ikkje mangla på kritikk. Arrogant og konfliktfylt, sa ordførar til Firda. På leiarplass i Firdaposten blir det hevda at Sunnfjord-namnet er del av Førde-ordførar Olve Grotle sin masterplan om å få alle til å bli samde om å bruke namnet Førde.

Han let seg smigre av skrytet, men seier det viktigaste er å få eit namn folk er nøgde med, på ein måte som folk kjenner er rettvis og grei.

– Vi må finne eit namn som flest mogleg kan samle seg om, og som seier noko om kommunen. Når vi har ei tilråding klar er det politikarane i indre Sunnfjord som skal avgjere namnet.

Daniel Ims

RÅD: Daniel Ims og kollegaene i Språkrådet har fått fleire spørsmål frå kommunar som skal danne ny kommune om kva namn som er best å gå for. – Nokre stader er namnet til den største kommunen brukt vidare, å utvide eit namn er det meir tradisjon for.

Foto: Christian Ingebrethsen / NRK

Å bruke Sunnfjord som namn har sett kjenslene i sving, og også Språkrådet meiner det ikkje er beint fram å ta ei regionnemning og bruke det som namn på ein ny kommune.

– Det er generelle prinsipp i lovverket som gjer det vanskeleg å endre eit område til eit namn, altså å bruke innsnevring. Vi rår kommunane til å finne namn som er samlande, seier Daniel Ims,

På butikken i Sande er det mange forslag som dukkar opp. Gaular, Indre Sunnfjord og Førde er nokre.

– Eg har sansen for Indre Sunnfjord, og ville gått for det, om det ikkje dukkar opp noko betre, seier Jarl Tyssekvam.