Hopp til innhold

Tok ikkje omsyn til naboklagene

Naboane til Fjordbase i Florø må innsjå at dei førebels har tapt kampen mot utviding av oljebasen vestover mot Florø by.

Det er full strid om utvidinga av oljebasen i Florø. Oljenæringa treng meir plass og lokkar med 250 nye jobbar, men innbyggarane fryktar at bybiletet blir øydelagt.

Striden står høgt om utviding av oljebasen i Florø.

Eit fleirtal i planutvalet i Florø vedtok tysdag at planen om utviding av oljebasen skal sendast ut på høyring med den løysinga Fjordbase ønskjer. Det er å utvide basen vidare vestover mot sentrum.

Naboane til basen og mindretalet i planutvalet vil ha baseutvidinga austover vekk frå byen.

– Der borte bur det masse folk, og dei folka vil få sine eigedomsverdiar redusert, meiner gruppeleiar for Venstre i Flora bystyre, Odd Bowim.

Han tykkjer det er «drøyt» at Fjordbase og no også fleirtalet i planutvalet vil bruke området vestover mot Florø by til baseutviding.

– Ei utviding austover vil skåne dei sentrumsnære områda på ein mykje betre måte, meiner Bowim.

Leiar for plan- og miljøutvalet i Flora, Hanne Husebø Kristensen (H), meiner at det er rett å sende planforslaget ut på høyring no.

– For oss har Fjordbase synleggjort godt nok at dei har behov for det arealet vestover, og har kome med eit planforslag som vi meiner er bra nok til at det bør ut på høyring, seier Kristensen til NRK.

Fleire av naboane til den raskt veksande oljebaseverksemda i Florø var tilstades under møtet i plan- og miljøutvalet.