NRK Meny
Normal

Stridast for niende gong på to år

Få lag i 1. divisjon har dei siste par åra stridast så mange gonger som Sogndal og Nybergsund Trysil.

Lars Grorud

På åtte oppgjer har Lars Grorud aldri tapt for Nybergsund Trysil. Han vonar det held fram slik. - Vi går for tre poeng, seier han om søndagens oppgjer.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førstkommande søndag møtes dei for niande gong sidan februar 2008. Ola Brenden sin assistenttrenar i Nybergsund Trysil, Tore Fossum, trur ikkje dei mange møta får noko å seie for kampbiletet.

- Kvar kamp lev sitt eige liv, og det handlar om gode prestasjonar, seier assistenttrenar for Nybergsund Trysil, Tore Fossum.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_6_8_0_29_40_563.jpg

SJÅ: Tarjei Dale scora kampens einaste mål då Sogndal vann 1-0 på Fosshaugane i fjor.

Har aldri tapt for «Sundet»

Sogndalkaptein Lars Grorud er samd. Med sju av åtte kampar, er kapteinen den i dagens spelarstall med flest kampar mot hedmarkingane. Stortapet i treningskampen i vinter er den einaste han stod over etter operasjonen i desember i fjor. Oppgjeret er også det einaste tapet Sogndal har mot «Sundet».

- For vår del handlar det om å vise heimepublikumet at vi er betre enn den svake førestillinga mot Lyn på Bislett. Det var årsverste for vår del og noko vi ikkje kan vere bekjent av, seier Grorud.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Revansjesugne

Sogndal presterte godt under pari i 1-3 tapet for Lyn tysdag. Grorud kan ikkje forklare kollapsen, men meiner det er viktig for Sogndal å kome på rett spor att så fort som mogleg.

  • Sjå troppane nederst i saka.

- Difor passer det også ganske godt å få ny kamp allereie på søndag. Vi er revansjesugne alle mann og håpar å finne attende til det vi viste mot Tromsdalen, forsikrar sogndalkapteinen og viser til 5-0 sigeren i førre heimekamp.

- Då spelar vi verkeleg ein god kamp. Alle medverkar og står på. Vi får spele til å flyte. At det ikkje er lenger sidan vi spelte godt er viktig å ta med seg. Glippen mot Lyn har vi fått ut av hovudet, seier Grorud.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_9_27_23_12_20_2641.jpg

Kenneth Kvalheim og Kim Ojo stod for nettkjenningane på Nybergsund stadion i 2009.

Fysisk og robust

Trass total kollaps i Oslo, har Sogndal førebudd seg som vanleg til søndagens oppgjer. Før laga entrar Fosshaugane stadion skal også «Sundet» sine kampar analyserast nøye. Grorud trur ikkje det blir noko lett kamp.

- Det blir om å gjere å krige godt nok. Det er deira styrke. Nybergsund er eit fysisk og robust lag, legg Grorud til.

Går for tre poeng

Det hyppigaste resultatet mellom dei to 1. divisjonsklubbane er 1-1. Det har skjedd tre gonger. I seriekampsamanheng står Sogndal med to sigrar og to uavgjort.

Etter stygge siffer både mot Bodø/Glimt og Løv-Ham, har Nybergsund slått tilbake med siger over Strømmen og uavgjort heime mot seriefavoritt Fredrikstad. Assistenttrenar Tore Fossum håpar trenden held fram.

- Det er alltid hyggeleg å komme til Sogndal. Eg føler vi har prestert ok mot dei på Fosshaugane, sjølv om vi ikkje har klart å vinne. Tre poeng er målet også denne gong. Sjansen er der alltid før kvar kamp, avsluttar Fossum.

Troppen til Sogndal: Piotr Leciejewski, Joseph Bendik, Per Egil Flo, Even Hovland, Lars Grorud, Mats Solheim, Gustav Valsvik, Isak Scheel, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Eivind Daniel Røed, Elvis, Barry Kader, Espen Olsen, Tommy Øren, Joakim Rudolfsen.

Troppen til Nybergsund Trysil: Yngve Sandbuløkken, Miroslav Radulovic, Emil Haucke, Joachim Sørum, Samir Fazlagic, Wycliffe Juma Oluoch, Damian Williams, Remond Macougne Mendy, Tobias Johansson, Christoffer H. Solbakken, Kim Ojo, Rome Mitrovic, Kristian Bråtebæk, Stian Lund, Lars Fuhre, Bjarne Ingebretsen, Eric Vernan, Erlend Eggen Persgård.

Tidlegare møte mellom Sogndal og "Sundet"

Sesong

Heimelag

Bortelag

Resultat

Divisjon

2010

Sogndal

Nybergsund Trysil

1-4

Treningskamp

2009

Nybergsund Trysil

Sogndal

1-1

1. divisjon

2009

Sogndal

Nybergsund Trysil

1-0

1. divisjon

2009

Sogndal

Nybergsund Trysil

1-1

Treningskamp

2009

Sogndal

Nybergsund Trysil

3-3

Treningskamp

2008

Sogndal

Nybergsund Trysil

3-1

1. divisjon

2008

Nybergsund Trysil

Sogndal

1-1

1. divisjon

2008

Sogndal

Nybergsund Trysil

2-0

Treningskamp

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå