Hopp til innhold

Strid om skulenedlegging utfordrar Helle

FJALER: Vil spørsmålet om skulenedlegging vere det som hindrar Arve Helle i å få sin fjerde periode ved makta i Fjaler?

Guddal skule

NEDLEGGINGSTRUGA: I framtida må kanskje dei 20 elevane ved Guddal skule bussast til Flekke.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vallogo

– Utfordringane er klart økonomien. I dette tilfelle er også folketalet ei utfordring. Barnetala i Guddal er faretrugande låge, og det gjer nok til at diskusjonen vil dukke opp att om få år, sjølv om vi håpar å ro det i land i denne omgang, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap).

Arve Helle

STILLER IGJEN: Arve Helle (Ap) stiller til val for ein fjerde periode som Fjaler-ordførar

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Kommunen må spare 2,7 millionar i skulesektoren, og i juni la rådmannen fram eit forslag om at dei 20 elevane ved Guddal skule skal flyttast til Flekke. Berre fem representantar stemte imot å sende forslaget ut på høyring, frå partia Sp, KrF og SV. Høyringsfristen er 1. oktober og endeleg vedtak vert 25. oktober.

Leiar i Guddal grendelag, Jan Ove Steinseth, fryktar skulenedlegging kan føre til ytterlegare folkenedgang.

– Det vert i alle høve vanskeleg å få ungdom til å busette seg der når dei veit at dei må sende borna sine såpass langt av garde for å kome på skule. Eg synest politikarane kan begynne å leite litt andre stader for å spare pengar enn at dei kvar gong skal gå på skule og eldre.

Jan Ove Steinseth

BØR TENKE PÅ BARNA: Leiar i Guddal Grendelag, Jan Ove Steinseth, er uroa for borna som han meinar vil få ein lang og farleg skuleveg.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Steinseth håpar framleis at skulenedlegging ikkje vert ein realitet.

– Vi har framleis trua. I 2002 gjorde dei ei ganske stor utgreiing på skulestrukturen, og konkluderte med at Guddal må bestå. Det er ikkje noko som har endra seg sidan den gong. Det er difor forunderleg at ein no kjem til eit anna resultat. Med det vedtaket dei gjer no, sparer dei kanskje 1 av dei 2,7 millionane dei må kutte. Og sender 5-åringar på ein lang og ikkje minst farefull skoleveg, seier Steinseth.

Helle understrekar at det vert kutta over heile fjøla, ikkje berre i skulesektoren.

– Vi har eit innsparingsprogram her no som kuttar i alle sektorar. Det er naturleg at skule er ein av dei som får mest merksemd, men det vert kutta alle stader. Vi snur kvar ein stein.

Håpar på ein fjerde periode

Arve Helle trur at skulesaka og vedlikehald av private vegar vil vere utfordringar for han i valkampen, men håpar likevel på ein fjerde periode. Ordføraren har ikkje eit klart svar på kva som er hemmelegheita bak den lange perioden i ordførarstolen

Fjaler rådhus

KVEN VERT ORDFØRAR: Kven skal styre Fjaler kommune dei neste fire åra?

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er vanskeleg å sei. Eg trur det å vere engasjert er det viktigaste; å bry seg, å ta innbyggarane på alvor, vere til stades på ulike arenaer og ha direkte kommunikasjon med folk. Eg trur at om ein har dette på plass, går det an å bli tilgitt sjølv av dei du ikkje alltid er einig med i alle saker, seier Helle, som vert utfordra av mellom anna Kjetil Felde frå Sp.