Hopp til innhold

Kjøpesenter og medisinsk senter i Sogndal

Næringslivsaktør meiner eit planlagt kjøpesenter i Sogndal bør vege tungt på vektskåla ved plassering av lokalmedisinsk senter.

Lærdal sjukehus

LEGG NED: Eit lokalmedisinsk senter skal erstatte sjukehuset i Lærdal. Men det er framleis uklart om senteret vil leggjast til Lærdal eller til Sogndal.

Foto: unknown / NRK

– Sogndal vil kunne gje det beste tilbodet til pasientane, seier administrerande direktør Jon Kristian Lunke i Sjølyst Utvikling.

Det private selskapet skal etablere eit stort kjøpesenter i Sogndal, der det lokalmedisinske senteret er tenkt plassert.

– Sogndal er ein sentral og ypparleg plass til å betjene heile indre Sogn. Eit framtidig lokalmedisinsk senter må difor leggjast til Sogndal, ikkje Lærdal, held Lunke fram.

Sterke reaksjonar i Lærdal

Måndag skapte det sterke reaksjoner i Årdal og Lærdal at Helse Førde vil vurdere flytting av lokalmedisinsk senter til Sogndal.

Forslaget frå Helse Førde er at senteret vert flytta til Sogndal innan 2013.

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde sa for to dagar sidan at det er reaksjonane frå kommunane som vil bli avgjerande for kva ein landar ned på.

Styreleiar positiv til Sogndal

Sjølyst Utvikling var i fjor sommar i kontakt med Øberg i Helse Førde, der planane om eit lokalmedisinsk senter i Sogndal vart presentert.

I eit brev til Sogndal kommune står det mellom anna at Øberg var positiv til at Helse Førde kan få ein plass i dette senteret.

– Dersom Helse Førde seier endeleg ja til planane, skal vi gjere vårt for at det lokalmedisinske senteret i Sogndal skal blir ein suksess, seier Lunke.

– Total falitterklæring

Leiar i Lærdal Arbeidarparti, Knut O. Aarethun, meiner det vil vere ei total falitterklæring dersom det private selskapet Sjølyst Utvikling sin agenda om å tene mest mogleg pengar skal bli avgjerande for kor det lokalmedisinske senteret skal plasserast.

– Det er nok marknadskrefter som styrer dette landet, om ikkje dei skal styre plasseringa av ein av dei viktigaste godene me har i distrikta også, seier Aarethun.