Hopp til innhold

Reiser over fylkesgrensa for sjukehusbehandling i Volda

Det er pasientflukt frå Nordfjord til Volda trass i at Helse Førde hevdar noko anna – det seier overlege ved Volda sjukehus.

Volda sjukehus

KJEM HIT: Overlege Gunnar Dagslott meiner Helse Førde tek feil når dei hevdar at det ikkje er noko pasientflukt frå Nordfjord til sjukehuset i nabofylket.

Foto: Helse Sunnmøre

– 30 prosent av ortopedipasientane som kjem til Volda kjem no frå Nordfjord, seier avdelingsoverlege Gunnar Dagslott i Volda.

Fleire har spådd at Helse Førde vil smuldre opp, men denne veka sa Helse Førde at det ikkje er nokon pasientflukt.

Framstillinga provoserer Dagslott, og han er rykande usamd med Helse Førde sine utsegn denne veka.

Han skriv i ein e-post til NRK.no at på det meste har 40 prosent av nye førespurnader til sjukehuset i Volda vore frå nordfjordingar.

– Vi føler at vi prøver å gjere ein jobb i forhold til dei pasientane som søkjer til oss. Og vi opplever at ganske mange av dei kjem frå Nordfjord. Og det er ikkje den sanninga som vert framstilt i den saka her, seier han.

Ulik oppfatning

Måndag fortalde fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, at dei knapt merkar noko til den varsla store pasientflukta ut av fylket. Den som skulle tappe helseføretaket for ressursar.

– Så langt så ser ikkje vi ikkje noko teikn på pasientflukt i noko stor grad i alle fall, sa Breidablikk.

Hans Johan Breidablikk

Fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablik.

Foto: Helse Førde

Men Dagslott seier kvardagen dei opplever er ein heilt annan etter at tilbod på Nordfjordeid vart fjerna, og særleg gjeld dette innan ortopedi.

– Ein ganske stor del av våre pasientar kjem frå Nordfjord. Og det gjeld spesielt ortopedi, seier han.

Dagslott meiner at når Nordfjord sjukehus har mist ortopedibehandlingstilbodet, bør ein påvise at desse pasientane får behandling i Førde eller Lærdal i staden, før Helse Førde kan argumentere mot pasientflukt.

– Viss Førde ikkje merkar endring i auka tilstrøyming av ortopedipasientane frå Nordfjord, tyder jo det på at pasientane vel behandling ein stad utanfor helseføretaket. Det vil seie pasientflukt, meiner Dagslott.

Dobling til Nordfjord

Tala Helse Førde har brukt stammar frå prosjektet Framtidas lokalsjukehus, som skal omstille Nordfjord sjukehus.

Dagslott trur ikkje nødvendigvis tala er feil, men meiner at også der kjem det fram stor pågang frå Nordfjord.

Mellom anna har det så langt i år totalt vore 636 polikliniske konsultasjonar frå Nordfjord, 103 dagopphald og 114 døgnopphald. Dette er omtrent ei dobling frå 2011, og i hovudsak er auken innan ortopedi.

– Pasientane er veldig klar på kvar dei vil ha behandling, seier Dagslott.

Moderne lokalsjukehus

Likevel vert tala også små i det store biletet om ein samanliknar med pågangen inn mot Helse Førde:

Så langt i år har sjukehusa på Nordfjordeid, i Førde og Lærdal samla hatt 18581 polikliniske konsultasjonar berre av nordfjordingar.

Hans Johan Breidablik meiner han har rett i at det ikkje er nokon pasientflukt frå Nordfjord.

– Tanken er jo at Nordfjord sjukehus skal bli eit veldig moderne lokalsjukehus med eit breitt tilbod og kanskje til fleire pasientgrupper enn i dag.

Breidablik seier at nordfjordingane best sikrar eige sjukehus ved å bruke det.

– Skal det bli ein suksess, er ein avhengig av at ein sluttar opp om det i området.