Hopp til innhold

Strid om Førde som kommunenamn

Det vil vere fullstendig uakseptabelt dersom det nye namnet på storkommunen i Sunnfjord blir Førde, meiner politikarar i Jølster, Gaular og Naustdal.

Oddmund Klakegg og Olve Grotle

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg og Førde-ordførar Olve Grotle er samde om at den nye storkommunen ikkje skal heite Førde. Men sterke krefter i Førde ønskjer at nykommunen skal heite Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Førde er i ferd med å overstyre naboane i samband med samanslåinga av Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Det fryktar sentrale politikarar i dei tre nabokommunane til Førde. Bakgrunnen for frykta er den komande innbyggarundersøkinga i Førde, der siktemålet er at den nye kommunen skal heite nettopp Førde.

– Mange i Førde vil sjølvsagt ha Førde som namn, men det viktigaste har vore at vi vil høyre kva folket meiner i denne saka, seier Helge Robert Midtbø, leiar i Førde Arbeidarparti.

Partifelle Ivar Svensøy i Førde formannskap har vore ein av dei som har fronta namnesaka.

– Både ut frå geografi, folketal og kor kjent namnet er i resten av Norge er det naturleg at kommunen blir heitande Førde. Den kjende merkevara er Førde, ikkje indre Sunnfjord, seier han.

Ivar Svensøy

Den nye storkommunen i Sunnfjord bør sjølvsagt heite Førde, seier Ivar Svendsøy (Ap) i Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Både ut frå geografi, folketal og kor kjent namnet er i resten av Norge er det naturleg at kommunen blir heitande Førde.

Ivar Svensøy

Provokasjon

Kravet om Førde som kommunenamn verkar svært provoserande for politikarar i dei andre kommunane.

– Førde blir det nye kommunesenteret og vil ha mange fordelar av å ha ein storkommune. Difor bør Førde i det minste vise det storsinn at dei er med på å skape eit nytt kommunenamn, seier Klakegg.

Også ordførar Mathias Råheim (H) i Gaular er provosert.

– Politikarane i Førde bør kunne vere såpass rause at dei aksepterer at vi startar med blanke ark slik vi var samde om då vi starta denne prosessen. Vi er fire likeverdige partar som slår seg saman. Kvifor då krevje at kommune skal heite Førde, spør Råheim.

Mathias Råheim

Kvifor i alle verda skal den nye storkommunen heite Førde, spør Mathias Råheim (H), ordførar i Gaular.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Åsmund Berthelsen, formannskapsmedlem og leiar i Naustdal SV, har lenge irritert seg over det han meiner er forsøk på overstyring frå politikarane i Førde.

– Det har etter kvart vorte eit mønster der det ikkje blir fire kommunar som slår seg saman til ein ny. I staden blir Førde utvida der dei tre andre går inn i Førde. Siktemålet med Førde si innbyggarundersøking er nettopp at det nye kommunenamnet skal bli Førde. Det kan vi ikkje godta, seier han.

Åsmund Berthelsen

Åsmund Berthelsen, leiar i Naustdal SV, fryktar Førde blir namnet på den nye storkommunen i Sunnfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

Bertelsen meiner det vil vere eit brot på intensjonsavtalen mellom dei fire kommunane dersom den nye kommunen blir heitande Førde. I intensjonsavtalen går det fram at kommunen skal heite Sunnfjord.

Løysingsorientert Grotle

Førdeordførar Olve Grotle (H) går sjølv inn for at den nye storkommunen skal heite Indre Sunnfjord.

– Eg er opptatt av at vi skal skape ein ny kommune. Det er ingen kommunar som skal innlemmast i ein annan. Det er mange meiningar om kva den nye kommunen skal heite, noko vi må ha respekt for. Eg for min del har gått for Indre Sunnfjord. Men kva det endelege namnet blir, er vanskeleg å seie, seier han.