NRK Meny
Normal

Intern strid i regjeringa

Intern strid i regjeringa om ein kan leggje ned sjukehusa i Lærdal og Eid.

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus

Foto: unknown / NRK

– Å gjere eit lokalsjukehus om til eit distriktsmedisinsk senter er det same som å avvikle det som sjukehus og gje det ein heilt ny funksjon. Eg vil betrakte det som eit brot på Soria Moria-erklæringa, seier Geir-Ketil Hansen (SV) i helse- og omsorgskomiteen.

Både Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet slår fast at omlegginga i Helse Førde vil vere eit brot på Soria Moria II. Men Arbeiderpartiet meiner omlegginga vil vere i tråd med regjeringsfråsegna.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus

Foto: unknown / NRK

– Ei god løysing

Det er altså full strid i regjeringa om ein kan legge ned lokalsjukehusa i Lærdal og Eid og gjere dei om til lokalmedisinske senter.

– Det vil bli ei god løysing for både folk og samfunn dersom ein satsar i Førde i tillegg til å lage robuste distriktsmedisinske senter, seier Tore Hagebakken (Ap), andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

– Så dette vil ikkje vere eit brot på Soria Moria?

– Nei, dersom det har eit omfang og eit innhald som gjer at det framstår som eit godt tilbod innanfor spesialisthelsetenesta, så meiner eg det ikkje er eit brot. Det aller viktigaste er god pasientbehandling, og eg meiner at modellen som er presentert vil fungere godt, svarar Hagebakken.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Nordfjord Sjukehus

Nordfjord sjukehus

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det verkar som om Arbeidarpartiet står åleine i regjeringa i denne saka. Før helga sa nemleg generalsekretær Knut M. Olsen (Sp) at Helse Førde sitt forslag om å omgjere dei to lokalsjukehusa til lokalmedisinske senter er eit brot på regjeringsfråsegna.

– Etter mi meining er ikkje forslaget i tråd med Soria Moria. Den seier at vi ikkje skal legge ned lokalsjukehus. I tillegg skal vi ha nærleik til føde- og akuttilbod, sa Olsen.

Kritisk til endring

Styret i Helse Førde foreslo fredag å leggje ned lokalsjukehusa i Lærdal og Eid og gjere dei om til lokalmedisinske senter.

Dette inneber mellom anna at fødeavdelingane og akuttberedskapen i Lærdal og Eid blir lagt ned og at det ikkje lenger blir sengepostar ved dei to sjukehusa.

Geir-Ketil Hansen i SV meiner dette er å legge ned dei to sjukehusa.

– Eit lokalmedisinsk senter kan på ingen måte definerast som eit sjukehus. For at det kan skje, må minimum akuttberedskap, medisinsk avdeling og kirurgi vere på plass. Dette er basisfunksjonar for eit sjukehus, seier Hansen.

– Eg er generelt kritisk til at ein rundt om kring i helseføretaka gjer struktuelle omfang som i dette tilfellet, før vi har behandla nasjonal helseplan, seier Hansen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå