NRK Meny
Normal

Mange bedrifter med utanlandske arbeidarar strevar med tryggleiken

– Mange bedrifter med utanlandske arbeidarar strevar med å ha god nok tryggleik, seier tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Rune Joar Ravnestad.

Tilsynsleiar Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet

UTFORDRINGAR: Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Rune Joar Ravnestad, fortel at Arbeidstilsynet er uroa over mange lovbrot.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I går fortalde fleire utanlandske arbeidarar ved Nordfjord Kjøtt i Loen om det dei meiner er kritikkverdige tilhøve ved verksemda.

Arbeidstilsynet vil ikkje kommentere saka spesielt, men tilsynsleiar Rune Ravnestad seier mange bedrifter møter problem når arbeidarane kjem frå utlandet.

– Det skapar utfordringar både når det gjeld språk og kultur, og at ein har same forståinga av kva som er HMS og kva som ligg i det, både for den einskilde arbeidstakar og arbeidsgjevar, seier tilsynsleiar i Arbeidstilsynet, Rune Joar Ravnestad.

Avviser at opplæringa har vore for dårleg

Arbeidstilsynet er uroa etter å ha sett fleire døme på at bedrifter med mange utanlandske arbeidarar ikkje er gode nok på helse, miljø- og tryggleik.

Ofte kan ikkje arbeidarane språket, og skjønar heller ikkje at sikkerheit går framfor alt når arbeid skal utførast her til lands.

I går fortalde fire slovakiske arbeidarar ved Nordfjord Kjøtt om det dei meiner er kritikkverdige tilhøve.

Nordfjord Kjøtt avviser utsegnene om dårleg opplæring og stort arbeidspress som går ut over tryggleiken. Administrerande direktør Geir Egil Roksvåg vil likevel ettergå påstandane.

Geir Egil Roksvåg

BEKLAGELEG: Administrerande direktør ved Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, vil sjå på rutinane i bedrifta.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg tykkjer det er svært beklageleg at folk går ut og er så negative som desse, og vi ser svært alvorleg på det dei har komme ut med. Vi vil, så langt vi kan, gå etter våre rutinar for å finne ut av dette, seier Roksvåg.

Strevar med å greie tryggleikskrava

Han legg til at det i 2013 og 2014 er laga ein arbeidsmiljørapport.

– Resultata fortel oss at folk trivst, jobbar i eit godt miljø og har det godt, seier Roksvåg.

Likevel er verksemda politimeld av Arbeidstilsynet etter at ein av arbeidarane mista fingeren på ei maskin.

I Arbeidstilsynet sine rapportar kjem det også fram utsegn om at ein del utanlandske arbeidarar ikkje har for vane å varsle om feil eller manglar.

Korkje Roksvåg eller Ravnestad vil ikkje kommentere politimeldinga spesielt, men Arbeidstilsynet seier mange bedrifter med stort tal utanlandske arbeidarar strevar med å greie tryggleikskrava.

– Ein del av det vi ser er at arbeidstakarar ikkje nødvendigvis får opplæring på det språket som dei forstår, og at dei difor ikkje kan medverke ut frå den plikta som ein arbeidstakar har, seier Ravnestad.

Mykje fungerer for dårleg

Også Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbundet er uroa. Dei vil ikkje kommentere Nordfjord Kjøtt spesielt, men Forbundssekretær Bjørn Tore Kyllo seier mange bedrifter må gjere ein betre jobb.

– Det er mange arbeidsgjevarar som burde gjort ein betre jobb med opplæring, både når det gjeld språk, HMS og opplæring til å utføre ein jobb, seier Kyllo.

Han peikar på at næringsmiddelindustrien i Norge er avhengig av utanlandsk arbeidskraft for å få hjula til å gå rundt, og at det er mykje som i dag fungerer for dårleg.

– Manglande språkkunnskapar er alltid eit problem. Mange er innleigde på korte kontraktar og er ikkje tilsette på permanent basis. Vi veit også at det til dels kan vere dårleg opplæring. Dette er problemstillingar som vi møter i mange bedrifter, seier Kyllo.

Er bedriftene som har ansvaret

Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet seier at sjølv om mange utanlandske arbeidarar kjem frå kulturar der det ikkje er like stort fokus på HMS, er det til sjuande og sist bedriftene som har ansvaret for at regelverket blir følgt.

Med andre ord kan arbeidarar som nektar å rette seg etter tryggleikskrav risikere å miste jobben.

– I den grad det går på tryggleik, så har arbeidsgjevar eit ansvar for at alle har eit sikkert arbeidsforhold. Viss nokon bryt det, om dei er norske eller utanlandske, så må det få konsekvensar. Til dømes at ein etter fleire åtvaringar kan verte oppsagd, seier Ravnestad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser