Hopp til innhold

Stress førte til at ein pasient fekk feil medisin

Stress gjorde at helsepersonell ikkje følgde rutinane og enda med å gje feil medisin til ein pasient ved ein sjukeheim i fylket.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

UFORSVARLEG: Fylkesmannen og assisterande fylkeslege Jacob Andersen rettar kritikk mot ein kommune i fylket, etter at helsepersonell gav feil medisin til ein pasient ved ein sjukeheim.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Til alt hell vart uhellet oppdaga raskt.

– Det var eit reint tilfelle at det ikkje vart meir alvorleg, seier assisterande fylkeslege Jakob Andersen.

Kommunen får no kritikk frå Fylkesmannen for den fagleg uforsvarlege medisineringa.

– I denne konkrete saka vart det heldigvis ikkje alvorleg, men i slike saker kan det vere tale om ganske verknadsfull medisin, slik at det kunne blitt mykje meir alvorleg, seier Andersen.

I tilsynssaka går det fram at institusjonen hadde på plass gode nok rutinar, men problemet var at personellet ikkje følgde dei når feilmedisineringa skjedde.

– Personellet fortel at grunnen til at dei ikkje følgde rutinane var stress og travelheit rundt medisineringa. Det er noko kommunen må følgje opp, seier Andersen.

Han seier at feilmedisinering er noko som skjer med jamne mellomrom. Når det skjer er det viktig at det vert oppdaga raskt og at det vert sett i gang tiltak for å minimere helserisikoen.

– Den sida av saka var godt handtert, men det er naturlegvis ikkje forsvarleg at pasienten fekk feil medisin i utgangspunktet, seier Andersen.