Hopp til innhold

No kan du få parkeringsbot utanfor sjukehuset

No må du halde tunga beint i munnen når du skal parkere ved Førde Sentralsjukehus. Elles får du bot.

Parkering Førde sentralsjukehus

15 MINUTTAR: Står du lenger, kan du få bot.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Nye parkeringsreglar på parkeringsplassane til Førde sentralsjukehus skal gjere det enklare for pasientar og pårørande å finne ledig parkeringsplass.

Sjukehuset skal gje bøter til dei som ikkje held seg til reglane. Det nye systemet vart innført i dag.

– Til å byrje med er bøtene på 300 kroner, og vi vil ha kontrollar kvar dag, seier Terje Jan Nes ved avdeling for drift og eigedom.

Ny parkeringsplan Førde sentralsjukehus

NY PLAN: Det rosa området er no reservert for pasientar og besøkjande med parkeringsbevis.

Foto: Grafikk / Helse Førde

Vanskeleg å finne parkering

For det er ofte vanskeleg å finne parkeringsplass om ein har ærend på

Parkeringsautomat

PASIENTPARKERING: Trykk på knappen, fortel resepsjonen kven du er eller kven du skal besøke, og parkeringsbeviset kjem rett i handa di.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

sjukehuset.

– Vi ser ofte at dei som skal til ein time her ikkje finn parkering, og kanskje kjem for seint til timen. I tillegg parkerer folk på korttidsparkeringa alt for lenge, og folk set frå seg bilane utafor oppmerkt plass. Det vil vi unngå, seier Nes.

Må ha parkeringsbevis

No har dei sett ut nye skilt om kvar det er lov å parkere og ikkje. To parkeringsplassar er reservert for pasientar og pårørande, og dei som set frå seg bilen her, må ha parkeringsbevis.

– Dei som vert innkalla får eit parkeringsbevis i posten saman med innkallinga, seier Nes.

Besøkjande kan bruke den nye parkeringsautomaten på området for å kontakte resepsjonen, og få parkeringsbeviset sitt.

– Står for lenge

I tillegg skal dei verte strengare på at folk ikkje står lenger enn lovleg i på- og avstigingsfeltet utafor hovudinngangen.

– Mange står jo her mykje lenger enn dei har lov til, og det går ut over dei som til dømes har problem med å gå og har problem med å gå frå parkeringsplassen, seier Nes.

Vil utvide

Sjukehuset har parkering til over 600 bilar, men Nes seier folk som ikkje har ærend hos dei brukar plassane.

– I tillegg er det veldig mange av dei tilsette som brukar bilen til jobb, og det tek jo opp ein del plassar. Dei skal jo sjølvsagt få parkere om dei treng det, men fleire burde kanskje gå til jobb, seier han.

Det er planar om å utvide parkeringsplassane ved sjukehuset, men det er ikkje klart enda.

– Positivt

Jon Amund Kariusbakken hadde time på sjukehuset i dag, og syns den nye ordninga er positiv.

– Eg har nesten kome for seint til ein time her før fordi eg ikkje fann parkering, så dette er jo bra, seier han.

Han hadde parkert på pasientparkeringa i dag, men hadde ikkje parkeringsbevis. Heldigvis har det ikkje vore kontroll.

– Eg la ikkje merke til at det var nye reglar, så eg har vel stått ulovleg. Men eg håpar dei ikkje er så strenge no i byrjinga, seier han.

Må flytte seg

Overlege Trygve Berstad har òg parkert på pasientparkeringa. Han visste ikkje at det var kome nye reglar.

– Då må eg vel finne meg ein annan plass å stå. Det plar jo ikkje vere eit problem sidan eg startar på jobb på tider då det ikkje er så mange pasientar, seier han.

Han bur i nærleiken, men vil ikkje starte med å gå på jobb.

– Eg må ha bilen med meg av ulike årsaker, men eg skal ikkje stå på pasientparkeringa fleire gongar.

Det er heller ikkje lov å parkere utanfor dei oppmerkte plassane, men det lovar Nes at dei skal ha litt skjøn med så lenge snøen dekkjer strekane.