Hopp til innhold

Laks frå to slakteri i fylket blir kontrollert på grensa til Russland

Alle vogntog med fisk frå Slakteriet AS i Florø og Firda Seafood på Byrknesøy blir no stogga på grensa til Russland for at kontrollørar skal undersøkje hygienen og leite etter bakteriar.

Firda Seafood på Byrknesøy
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dette gjeld fleire norske lakseslakteri. Ola Braanaas er eigar av Firda Seafood , og han seier dei har blitt vant med denne situasjonen på den russiske marknaden dei siste åra.

– Det er relativt daglegdags at vi går inn og ut av desse overvakingslistene, så det er ikkje nokon dramatikk i dette. Vi tek det med is i magen, men det er litt ubehageleg at det fungerer slik. Den russiske marknaden er den einaste i verda som har desse ordningane.

Ola Braanaas

– IKKJE DRAMATISK: Ola Braanaas seier dei er vane med russiske kontrolltiltak.

Foto: Vegard Foseide / NRK

Russarane har innført tre trinn når det gjeld import av laks. Det eine trinnet er slakteri som ikkje er på overvakingsliste, så er det dei som er på overvakingslista, det tredje trinnet er utestenging.

– Vi ynskjer sjølvsagt ikkje å stå på denne overvakingslista, men vi er vane med at det fungerer slik i Russland.

– Fokus på kvalitet

Alle vogntog som kjem frå slakteri på overvakingslista blir stansa på den russiske grensa og kontrollerte. Finn kontrollørane bakteriar eller anna som ikkje skal vere i laksen, kan slakteriet bli utestengt frå den russiske marknaden.

– For oss har ikkje dette andre konsekvensar enn at vi må halde fram med å ha fokus på kvalitet, hygiene og reinhald, seier Braanaas.

Bortimot 70 prosent av laksen frå Firda Seafood går til Russland, så det seier seg sjølv at det ville få store fylgjer dersom det skulle bli utestenging.

– Denne uvissa gjer at vi ser oss om etter andre marknader, og vi for vår del satsar sterkare på Asia. Vi ynskjer å bli mindre avhengige av Russland, vi vil fordele produksjonen vår over ein mykje større marknad.

Lakseslakteriet til Firda Seafood på Byrknesøy er nyleg bygt ut for rundt 100 millionar. Dersom dei skulle bli utestengd frå den russiske marknaden kan det og få fylgjer for råstofftilgangen.

– Vi har nokre eksterne eksportørar som slaktar og pakkar hjå oss og som også leverer til Russland. Ved ei utestenging risikerer vi å misse dette råstoffet, og i så fall går det ut over lønsemda.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brekke slakteriet, Anlegget i Instefjord

UTESTENGT: Slakteriet Brekke i Instefjord har vore utestengt frå Russland sidan 2012.

Foto: Geir Solheim

– Kjennest ikkje godt

Også Slakteriet AS sitt anlegg i Florø har hamna på den russiske overvakingslista. Eigar Ole Johan Eilertsen seier det ikkje påverkar dei i særleg stor grad.

– Mattilsynet i Førde får i oppgåve å fylgje oss litt tettare. Dei tek prøver av varene som skal til Russland for å sjekke om dei er i orden bakteriologisk. Men elles går det heilt normalt.

Også for Slakteriet AS er Russland den største einskildmarknaden. Sidan mai 2012 har Slakteriet AS sitt anlegg, Slakteriet Brekke i Instefjord vore utestengt frå den russiske marknaden, utan at det har hatt dei store konsekvensane for drifta, seier Eilertsen.

– Det einaste problemet er fordelinga av laksen mellom dei to slakteria.

Men han synest ikkje det er kjekt å vere på ei overvakingsliste.

– Det kjennest ikkje godt, det skal eg ikkje legge skjul på. Det er ubehageleg både for meg og dei tilsette å bli nemnde på ein så negativ måte. Vi veit ikkje alltid kva som ligg bak når vi hamnar på ei slik liste. Men vi trur det skal gå bra til slutt.