Av:
Marion Solheim
Arkivfoto NIVA
Det skal bli strengare reglar for krabbe- og hummarfiske langs kysten. Det har fiskeri- og kystdepartementet bestemt.
Departementet og næringa fryktar meir ulovleg fiske etter ei liberalisering av reglane tidlegare i år, ei liberalisering som mellom anna oppheva djupneavgrensinga på krabbeteiner.
No skal reglane skjerpast atter ein gong, og det grunnaste folk kan sette krabbeteina på i Sogn og Fjordane er 15 meter.