Hopp til innhold

Strengare hyttekontroll i Gulen

Gulen kommune vurderer strengare kontroll med strandsona. Det skjer etter at ein bustad i sommar ulovleg vart seld som hytte.

 

- Dette er eigentleg eit viktig prinsipielt politisk spørsmål etter mitt syn, for vi ynskjer å behandle dei som vil busette seg i Gulen lempelegare i forhold til strandlova enn dei som berre vil ha hytte her, seier ordførar Trude Brosvik.

Strammare grep

Kommunen har vore borti den same problemstillinga før. No vil dei, ifølgje avisa Ytre Sogn, ta eit strammare grep om bustadmarknaden.

- Vi må finne ut av korleis vi skal verne oss mot at folk byggjer hus i eit bustadfelt og så sel det som fritidsbustad etterpå. Vi kan nok innføre nullkonsesjon på byggjefelt framover, det bør vi vurdere.

Må søkje om bruksendring

Men inntil vidare gjer ikkje Trude Brosvik noko med huset som i sommar vart seld som hytte. Kjøparane har signalisert at dei ynskjer å bu fast i huset, og kommunen håpar det stemmer.

- Vil dei bruke huset annleis, må dei søkje om bruksendring, og det er der vi kan seie nei, og det kjem vi til å gjere. Men om vi kan tvinge folk til å bu der er eit anna spørsmål.