Hopp til innhold

No er det berre far og søsken som får komme på besøk til den nyfødde

Det skal ikkje lenger vere slik at besteforeldre, veninner og kollegaer kan renne ned dørene for å sjå den nyfødde. No strammar nemleg fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus inn på reglane.

Kjellaug Fredly og Ingvild Strømmen på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus

IKKJE OPE FOR ALLE: Det er ikkje lenger kven som helst som får komme på besøk til dei nyfødde. Frå 1. oktober blir reglane for besøk på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus stramma inn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Jordmødrene meiner mødrene og dei nyfødde får for mykje besøk. Sjølv om besøk kan vere både koseleg og kjekt, så kan det og vere uheldig.

Undervisningsjordmor Ingvild Strømmen ved fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus seier dei opplever at mødrene ikkje får den roa dei treng.

– No har vi bestemt oss for at vi skal gå over til at det berre er far, eller anna nær omsorgsperson, og søsken som får komme inn på barselavdelinga, seier Strømmen til NRK.no.

Fryktar mykje besøk går utover amminga

Dei tilsette på fødeavdelinga har lenge ønskt å gjere noko med kven som får komme inn på avdelinga. Strømmen seier dei no har bestemt seg for å stramme inn på reglane frå 1. oktober.

Ho seier det likevel skal vere slik at både vennar og andre kan få sjå den nye verdsborgaren. Men ikkje inne på avdelinga.

– Sjølvsagt er det lov å ha besøk av andre, men då må ein gå ut av avdelinga og ta besøket utanfor, forklarar Strømmen.

Bakgrunnen for at besøkstidene blir stramma inn er at mødrene i dag berre ligg nokre få dagar på avdelinga. Jordmora fortel at mykje besøk kan vere forstyrrande og gå utover amminga.

– For å komme i gang med amminga så er det viktig å ha ro rundt seg. Mange forstyrrande ting rundt kan verke veldig negativt, forklarar ho.

Gode erfaringar

Fødeavdelinga i Førde er ikkje einaste med strenge besøksreglar. Under svineinfluensaen vart besøksreglane skjerpa på alle fødeavdelingar i landet.

– Ein del avdelingar valde å halde på desse strengare reglane etterpå, fordi dei såg at det var bra for kvinnene, seier Strømmen.

Føde og barselavdelinga ved sjukehuset i Vestfold er blant dei som har strenge reglar for kven som kan kome på besøk til den nyfødde og mor. Her er det altså berre far og søsken som kan kome på besøk på avdelinga.

– Vi opplevde nærast eit einaste kaos før vi innførte avgrensinga, sa Elin Sogge ved avdelinga til NRK.no i februar.

– Det var "folk over alt, alltid". Då den nye ordninga vart innført vart den respektert med det same. Det vart meir ro på avdelinga.

– Tidsnok å få besøk når ein kjem heim

Ei av dei ferske mødrene, Dagny Sagosen Haugsvær, forstår godt ønsket frå jordmødrene om å stramme inn reglane. Ho ligg i senga si medan ho ammar den nyfødde sonen sin.

– Vi skal heim i dag, og då får heller besøket komme heime, seier ho medan ho kosar med den vesle.

Sagosen Haugsvær seier ho nyt roa og at det ikkje er behov for besøk akkurat dei få dagane ho får ligge på avdelinga.

– Det er tidsnok å få besøk når ein kjem heim. Det er veldig herleg å berre vere her og bli teken godt vare på, forklarar den nybakte mora.

Vil det beste for mor og barn

Jordmødrene presiserer at dei ikkje ønskjer å kontrollere mødrene, men at det viktige for dei er å leggje til rette for eit godt opphald på fødeavdelinga.

– Det er for å skape ro rundt kvinnene vi ønskjer å gjere dette, seier Strømmen.