Hopp til innhold

Streiken råkar barnehagane

Når Fagforbundet trappar opp streiken over helga, må foreldre med barnehageborn vere budde på stengde barnehagar.

Streik i Førde

STREIKAR: Barnehagane i Stryn, Jølster, Førde og Lærdal blir råka når Fagforbundet trappar opp streiken over helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Lærdal kommune er allereie 37 tilsette tekne ut i streik, og frå tysdag vil ytterlegare 38 bli tekne ut. Tyngda av desse er tilsett i barnehagar og SFO.

Berre 30 av 102 born vil då få plass i barnehagen. Rådmann Alf Olsen Jr. seier dei prioriterer born av foreldre som jobbar i helsevesenet.

– Vi må prioriterer dei som skal ta vare på liv og helse. Det betyr helsepersonell ved sjukehuset og innan pleie og omsorg, seier han.

Foreldre må orden pass sjølv

Kommunen klarer å halde barnehagen i Borgun open, i tillegg til to avdelingar på Lærdalsøyri.

– Men vi må redusere opningstida. Foreldra til ungane som ikkje har tilbod frå tysdag, må ordne barnepass sjølv.

Også SFO blir råka, og Olsen jr. seier dei her prioritere dei yngste born.

Redusert tilbod i Førde

Også foreldre i Førde må i neste veke bu seg på stengde avdelingar og kortare opningstider i barnehagane. Kommunalsjef Helge Sæterdal seier at 49 tilsette i barnehagar og sju i SFO går ut i streik frå tysdag.

– Med så mange i streik, blir det eit redusert tilbod. Det kan bli stengde avdelingar og reduserte opningstider. Det betyr at nokre foreldra må vere heime med borna sine sjølv. Men vi tek sikt på å slå saman avdelingar slik at vi kan drive mest mogleg, seier Sæterdal.

Rammar skular og barnehagar i Stryn

Han seier dei vil prøve å avgrense ulempene mest mogleg for tredjepart.

I Stryn blir 57 tilsette tekne ut i streik, dermed er det totalt 73 tilsette i kommunen i streik i kommunen. Det er tilsette i barnehage, skule, SFO og reinhald som er tekne ut ved ni skular og fem barnehagar.

– Dette betyr redusert tilbod eller stenging. Eg veit ikkje kor mange born det gjeld, det er opp til kvar enkelt rektor eller barnehagestyrar å planleggje tilbodet, seier personalrådgjevar Torfinn Moen i Stryn kommune.

Kvar fjerde i streik

Så langt er 103 personar tekne ut i streik. Når streiken blir trappa opp tysdag vil 331 vere tekne ut i streik i kommunane Jølster, Førde, Lærdal og Stryn, samt fylkeskommunen.

I alle desse kommunane vil no barnehagane bli råka. Jølster kommune melder på sine nettsider at dei vil få ei utfordring med å klare å halde barnehagane opne.

– Slik er det

Fylkesleiar i Fagforbundet, Solveig Norevik, seier dei tilsette jobbar i barnehagar, skule, SFO, kultur og fritidsklubbar.

Ved første uttak vart det sagt at streiken først og fremst skulle råke arbeidsgjevaren. No må truleg foreldre nytte helga til å finne løysing på korleis dei skal klare seg utan barnehagetilbodet.

– Slik blir det. Dette er ein del av medaljens bakside. Vi ynskjer ikkje å råke verken foreldre eller andre, men skal streiken syne og ha verknad så blir det nødvendigvis nokre som må gjere nokre krumspring for å få ting til å gå i hop, seier Norevik.

Planar om vidare opptrapping

Norevik har lita tru på at partane vil setje seg i ned helga for å finne ei løysing på situasjonen.

Fagforbundet har også planar for vidare opptrapping av streiken.

– Vi har både fase tre og fire dersom ting drøyer. Vi bur oss alltid på vidare opptrapping, seier ho.