Hopp til innhold

Streiken kan stoppe matforsyning

Vektarstreiken kan føre til at Saga Fjordbase i Florø ikkje får forsynt oljeplattformene med materiell.

Snorre B-plattformen

UTAN MAT: Snorre B-plattformen er ei av oljeplattformene som kan slite med matforsyninga om Saga Fordbase i Florø ikkje klarer å halde oppe drifta på grunn av streiken.

Foto: Øyvind Hagen / Equinor

– Eg håpar vi kan halde fram drifta så normalt som mogleg, sjølv om to av vektarane våre går ut i streik frå måndag, seier sjef for Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes.

– Må vurdere tiltak

Vektarane sørgjer for tryggleik i og rundt basen, og sikrar av hamn og fartøy i området. Frå Saga Fjordbase får oljeplattformene sendt ut mat og anna materiell dei treng. Vektarane har også spesielt ansvar for det såkalla ISTS-systemet, som vart sett i verk etter 11. september 2001, for å betre sikre hamner og kaianlegg.

– I løpet av helga må vi vurdere kva vi kan gjere, slik at vi ikkje kjem i konflikt med dei som er i streik eller gjer noko gale. Vi må sjå på kva som er aktuelle tiltak for å sikre drifta, seier Strømsnes.

Vil få konsekvensar


– Plattformane treng mat og anna materiell, så dei vil nok merke det om vi får problem med vår normale drift, men vi håpar å unngå det, seier Strømsnes.

Han har ikkje oversikt over kor mange vektarar som er tilsette for å sikre tryggleiken på området, men seier dei er avhengige av at desse tenestene fungerer for å halde oppe drifta.