Hopp til innhold

Alle Widerøe-fly står på bakken også heile laurdagen

Widerøe kansellerer alle fly også laurdag 11.mai. Streiken blant dei kabintilsette er framleis ikkje over.

Widerøe fly
Foto: Pressebilde

Flya til flyselskapet Widerøe har stått på bakken sidan onsdag. Flya som skulle gått idag, laurdag er også innstilt.

Då meklinga mellom Parat, Widerøes Kabinforening og NHO Luftfart Widerøe ikkje førte fram, gjekk alle dei kabintilsette ut i streik frå og med onsdag 8.mai.

Sidan då har trafikken i flyselskapet stoppa opp.

Partane i Widerøe-konflikten møtte kvarandre på fredag for å prate, men dei kabintilsette åtvarar om at dialogen fort kan ryke dersom leiinga ikkje legg meir på bordet.

11 000 passasjerar frå 47 flyplassar i Norge og Europa er råka av streiken.

Streiken betyr at all flytrafikk til og frå Førde, Sandane, Sogndal og Florø blir stogga.

.