Hopp til innhold

Streiken held fram - kan kome varsel om nye streikande måndag

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, hadde håpt på ei løysing i lærarkonflikten søndag. No bur ho seg i staden på nok ei ny veke med fleire medlemmar ute i streik.

Lærarstreik

HELD FRAM: 164 lærarar i Førde er framleis i streik, og det kan bli fleire i løpet v veka, seier Utdanningsforbundet.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

– Eg er veldig skuffa. Eg var ikkje åleine om å håpe på ei løysing, seier fylkesleiaren i Utdanningsforbundet til NRK søndag kveld.

Partane i konflikten møttest til nye samtalar søndag kveld, men etter berre ein halv time i forhandlingar gjekk partane kvar til sitt, utan semje. Orda er harde, situasjonen låst og ingen forslag ligg på bordet.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø er skuffa over at partane ikkje er samde.

STREIK: I Førde er 164 lærarar i streik, Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, t.v., hadde håpa at partane kom til semje søndag.

Foto: Eli Eiknæs Vengen

Streiken har halde på i åtte veker, og dei to siste vekene har også elevar og foreldre fått merke det, ved at fleire skular og klassar ikkje har undervisning. I Sogn og Fjordane er det no 164 lærar ute i streik. Alle dei streikeråka skulane ligg i Førde.

Kan kome nye streikeuttak måndag

– Vårt sentralstyre har ikkje så mykje å gå på. Eg har aldri vore bort i liknande oppslutnad på ei uravrøysting. Vi har sagt til KS at dei må gå vekk ifrå krava om auka bindingstid for lærarane, då kan vi snakkast. Det er tydeleg at dei ikkje vil legge det vekk, og då kjem vi dessverre ikkje lenger, seie Haugsbø søndag.

Det er enno ikkje varsla nye opptrappingar i streiken, men dei første varsla om nye streikande kan kome allereie måndag føremiddag. Klokka 10 samlast leiarane i Utdanningsforbundet til telefonmøte, og etter det er det truleg kvar om det kjem nye uttak.

– Vi har fire dagars varslingsfrist til arbeidsgjevar. Så eventuelle nye uttak vil tidlegast gjelde frå torsdag, seier Haugsbø.