NRK Meny
Normal

Streiken avblåst: Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar letta

Storstreiken som kunne råke 28 verksemder i fylket vart avverja på overtid. I Florø trakk ein arbeidsgjevar eit lettens sukk då avtalen var i hamn.

Westcon Yard Florø

FULL STOPP: Ved Westcon Yards sitt anlegg i Florø stod 75 arbeidarar i fare for å bli tekne ut i streik frå måndag. Det hadde betydd full stopp i all produksjon.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Eg er glad det vart semje og streiken vart avblåst. Det er harde tider for bransjen, og det kostar mykje pengar for oss å avbryte arbeidet, seier Mikael Johansen, dagleg leiar ved Westcon Yards i Florø.

Mikael Johansen ved Westcon Yards sitt anlegg i Florø

LETTA: Mikael Johansen ved Westcon Yards i Florø har heile tida trudd og håpa på ei løysing i oppgjeret. – Verken arbeidstakar- eller arbeidsgjevarsida hadde noko å tene på ei streik, så partane har nok hatt som mål å kome til semje, trur han.

Foto: Rune Fossum

Totalt var det varsla at 535 tilsette ved 28 verksemder rundt om i fylket kunne bli tekne ut i streik dersom partane ikkje hadde vorte samde i hovudoppgjeret. Fristen var sett til midnatt laurdag, men først etter klokka 12.30 søndag ettermiddag var det klart at Fellesforbundet og Norsk Industri var samde om årets oppgjer.

– Vi er glade for at det er over og at ein avtale, som er til å leve med, er på plass. Forbundsleiinga seier også at det er eit godt resultat, seier distriktssekretær i Fellesforbundet, Oddbjørn Aalen.

Frykta konsekvensane

Avtalen som er inngått betyr at det ikkje blir noko generelt lønnstillegg, men ein kan få lønsauke gjennom lokale oppgjer. Regjeringa har også gått med på å føreslå for Stortinget at permitteringstida skal aukast frå 30 til 52 veker.

Oddbjørn Aalen - Distrikssekretær i Fellesforbundet

NØGD: Forlenging av permitteringsordninga var særs viktig, meiner distriktssekretær i Fellesforbundet, Oddbjørn Aalen.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Det er kjempeviktig for oss. I den situasjonen som mange av verksemdene er i no, så er det veldig avgjerande. Leiinga sentralt er godt nøgde med at ein har fått til ei avklaring der, seier Aalen.

I Florø er bedriftsleiaren letta over at all produksjon kan gå som normalt måndag. 75 av dei tilsette var klare til å ta streikevesten over hovudet, noko som ville fått store konsekvensar for verksemda.

– Produksjonen vår hadde stoppa opp. Vi leiger inn folk frå underleverandørar som også stod i fare for å bli tekne ut, så det hadde fort stoppa for oss. Alt blir som normalt frå i morgon, heldigvis, seier Johansen.