NRK Meny
Normal

Streik råkar straumkundar

13 tilsette ved Aurland og Lærdal energi er tekne ut i streik. Feil på straumnettet i indre Sogn vert berre retta om det står om liv og helse.

Lærdal Energi sin sekundærstasjon på Lærdalsøyri

TILSETTE I STREIK: Lærdal Energi har seks tilsette i streik etter usemje om kompensasjon for vakt utanom arbeidstid. Herfrå Lærdal Energi sin sekundærstasjon på Lærdalsøyri.

Foto: Eva Cathrine Berget / NRK

– Alle montørane våre, og ein person i administrasjonen, har gått ut i streik. Totalt er dette sju personar, seier Helge Morten Vangen, everksjef i Aurland Energiverk.

I alt 13 tilsette vart i dag tekne ut i streik ved Aurland Energiverk og Lærdal Energi. Dei to energiverka i indre Sogn var blant 14 nye bedrifter som måtte ut i streik.

Straumkundar kan merke streiken

Etter ein dag med streik har nokre kundar brukt lenger tid enn vanleg i telefonen med Aurland og Lærdal Energi.

– Dei som har ringt til oss har kanskje slit med å komme i kontakt med ein kundehandsamar, men vi prøver å hjelpe alle som ringer, seier Vangen.

Feil som oppstår under streiken, og som ikkje vil vere til fare for liv og helse, vert ikkje retta.

– På straumforsyninga vil kundane kunne merke det om det oppstår feil på nettet vårt, seier dagleg leiar ved Lærdal Energi, Petter Gullaksen.

Viktige funksjonar skal likevel bli varetekne, meiner Gullaksen.

– Vi har søkt dispensasjon frå streiken til å rette opp enkelte feil. Det gjeld blant anna i tunnelar, og ved sjukehus og legevakt.

Per Gullaksen

DISPENSASJON VED FARE FOR LIV OG HELSE: Under streiken har bedriftene dispensasjon frå streiken viss det skulle vere fare for liv og helse, seier dagleg leiar ved Lærdal Energi, Petter Gullaksen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Brot i forhandlingane

Ei konflikt mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og fagforeiningane EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat er årsaka til streiken.

Usemje om reglement for kompensasjon for vakt utanom arbeidstid førte til eit brot i forhandlingane.

– Streiken har vart i ei veke, så det er veldig usikkert kor lenge den vil fortsette, seier Gullaksen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser