Hopp til innhold

Streik kan råke flyplassane

Det er førebels uklart korleis flytrafikken til og frå dei fire flyplassane i fylket blir råka dersom det skulle bli streik på blant anna Flesland. Frå søndag av kan tilsette på fleire store flyplassar bli tekne ut i streik. Kjell Gjesdal ved Førde lufthamn Bringeland seier reisande må kontakte flyselskapet direkte for å få informasjon om eventuelle konsekvensar. Ved Sogndal lufthamn Haukåsen seier lufthamnsjef Svein Sanden at det hos dei kan bli problem med flya som går til og frå Bergen. Dersom det blir streik vil kvar enkelt passasjer få tekstmelding med informasjon om korleis dei blir råka.