Hopp til innhold

Straumsal gir nye arbeidsplassar

Etter at kraftselskapet Lærdal Energi etablerte underselskapet Akraft, har dei hatt ein vekst på tolv tilsette, det skriv Sogn Avis i dag. Akraft er eit lågprisselskap som sel straum til privatkundar over heile landet. Etter nyskipinga har Lærdal Energi auka omsetnaden sin frå kring 70 millionar i 2013, til 166 millionar i dag, skriv avisa.