NRK Meny

Straumline fall ned i Hyen

SFE har no lokalisert straumfeilen i Hyen. Det er ei kraftline som har falle ned ved Eimhjellen. – Årsaka til det er førebels uklart, seier kommunikasjonsrådgjevar Jannicke Lindvik. På eit tidspunkt var store deler av Hyen utan straum. Sentrum fekk straumen igjen etter få minutt. Akkurat no er 190 abonnentar i Ommedal, Hope, Gjengedal og Eimhjellen utan straum. SFE reknar med at dei fleste skal få straumen igjen i løpet av kort tid. Det som er uvisst er når innbyggarane på Eimhjellen, der feilen har oppstått, kan få straumen igjen.

Jannicke Lindvik
Foto: Bjarne Eldevik / NRK