Hopp til innhold

E-verkssjef: – Ein er ikkje trygg mot lynnedslag, sjølv nede i dalføra

Gamle råd om at ein trygg nede i dalføra har vist seg å slå feil. – No ser vi at lynet slår ned over alt, erkjenner nettsjefen i Sunnfjord Energi.

Heftig torever i Førde. Foto: Harald Mikal Halvorsen

HEFTIG SMELL: Slik såg det ut då lynet slo ned i Vieåsen i Førde måndag kveld, sett gjennom Harald Halvorsen sitt videokamera.

Oddvar Hatlem

ÅTVARAR: – Ein må ha respekt for faren lynnedslag utgjer, seier fungerande nettsjef Oddvar Hatlem i Sunnfjord Energi.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ein er ikkje trygg sjølv om ein er nede i eit dalføre. Tidlegare sa ein gjerne at viss ein ikkje var på dei høgste toppane eller var nær høge master, så var ikkje dette noko problem. Men vi ser at lynet kan slå ned overalt. Folk bør vise respekt for denne faren, seier Oddvar Hatlem som er fungerande nettsjef i Sunnfjord Energi.

Hektisk natt etter mange lynnedslag

Hatlem og mannskapa har hatt ei travel natt etter eit utal lynnedslag måndag kveld. Verst var situasjonen i Førde der eit lynet slo ned i bustadområdet Vieåsen. 13 bustader har fått skader.

959 lynnedslag måndag

RAGNAROK: Sintef Energi AS i Trondheim registrerte heile 959 lynnedslag i løpet av måndag.

Foto: skjermdump, sintef.no (Sintef Energi AS)

– Vi har hatt lyn i heile området frå yst i Solund til langt inn i landet i Jølster, mykje i Dale og Hyllestad-området. Vi takla det rimeleg bra, heilt til vi fekk den veldige smellen i Vieåsen i Førde. Då datt mykje ut for oss.

– Vi klarte å få inn att dei fleste abonnentane etter kvart. Nett no er det berre dei 13 leilegheitene som vart skadde i Vieåsen som er ute. Der slo lynet ned i ei furu og flytta fleire kubikk stein og jord omtrent inn i ei leilegheit. Der er det store materielle skader.

Lynet følgde jordingsanlegga på husa

Hatlem er glad for at det berre er snakk om materielle skader.

– Den utladinga som var der oppe, var enorm. Lynet slo ned i furua og har truleg følgt jordingsanlegg inn i husa. Fleire stader var det slått ut betong av grunnmurane på grunn av jernet i muren. Faren er viss du er nær nok og får straumgjennomgang i deg sjølv. Då kan det vere livstrugande. Lykka var at ingen fekk vesentleg straum i seg. Etter det vi veit vart to personar sendt til observasjon.

Lynnedslag i Førde

KRATER: Slik ser det ut i området der lynet slo ned i Førde måndag kveld.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lite å stille opp med

Etter romjulsorkanen Dagmar i 2011 har kraftselskapa gjort mykje for å vere betre budde når uvêret råkar. Men lynnedslag kan ein ikkje ruste seg for.

– Då blir vi små. Vi er rigga for å klare mykje, men dei kreftene der klarer vi ikkje å temje. Då må vi berre halde oss unna til det har gitt seg. Lykka vår var at trafoane våre heldt stand, og for vår del var det var berre nokre lågspentkablar som var skada.

I morgontimane tysdag er det, forutan dei lynråka bustadane i Vieåsen i Førde, berre 15 abonnentar i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde som er utan straum.

Created by InfoDispatcher