Straumen ute i Vik

Heile Vik kommune har sidan i 9-tida vore utan straum. Ifølgje Sognekraft er det ein brytar på ein sekundærstasjon som er årsaka til problema. Like før klokka 10 dreiv dei med ei omkopling, og straumen skal difor vere tilbake innan kort tid.