NRK Meny
Normal

Straumen tilbake i Gulen - fleire hundre husstandar var råka

Energiselskapet BKK melder at straumen skal vere tilbake hjå 400 kundar i Eivindvik i Gulen.

Eivindvik i Gulen

STRAUMSTANS: Mellom anna 400 personar i Eivindvik-området er utan straum.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tung og våt snø på linjene gjorde at straumen var vekke frå klokka 05.30 i dag tidleg.

– Det fører anten til at tre veltar over straumlinjene våre eller at vi får kortslutningar i straumnettet vårt, sa kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK Nett til NRK tidlegare i dag.

No melder altså selskapet at feilen skal vere retta.

Selskapet oppmodar folk som framleis er utan straum om å ringe på telefon 05123.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.