– Den tunge snøen har skap problem for oss i dag, det er heilt sikkert, seier Oddvar Hatlem som er nettsjef i Sunnfjord Energi.
På det meste var mellom 1500 og 2000 abonnentar utan straum. Når NRK snakkar med Hatlem klokka 19:30 er det talet redusert kring 130.
- LES OGSÅ:
– No byrjar vi å få kontroll på nettet vårt igjen, No er det nokre kundar i Solheimsdalen og i Erdalen i Førde, mellom Sandal og Myklebust i Jølster der ein parsell ute, og så har vi nokre einskildkundar i Gaular som framleis er utan straum.
Alle feila er funne og mannskap jobbar no med å utbetre dei. Problemet til energiverket har i ettermiddag har vore at så snart dei har reparert ein feil, har det dukka opp nye.
– Det har for det meste vore tre som har blitt så tunge av snø at dei har lagt seg inn over linene, sjølv om vi over fleire år har drive intens skogrydding langs linene.
– Får vi ikkje nye feil no reknar eg med at alle har fått at straumen i løpet av nokre timar.
.