Hopp til innhold

Straumen har vore vekke sidan i går

Eit lynnedslag har gjort folk i Fjærland og Sogndalsdalen straumlause sidan onsdag kveld. Sognekraft hadde torsdag morgon endå ikkje funne alle feila.

Lynnedslag

TOK STRAUMEN: Eit lynnedslag ved 20-tida onsdag kveld gjer at fleire abbonentar i Fjærland framleis er utan straum.

Foto: Arve Fjærli

- Vi har alt mannskap ute for å finne ut kva som er årsaka og rette feilen, seier nettsjef i Sognekraft, Harald Stadheim til NRK.no.

Ved 08-tida kan Stadheim fortelje at dei har funne ein feil.

- Denne er retta og straumen er no tilbake i Sogndalsdalen fram til ein plass som heiter Støleholmen i Fjærland. Men det viser seg at det framleis er fleire feil som må rettast, seier Stadheim.

Ved 10-tida hadde Sognekraft framleis ikkje funne feilen.

Sidan lynet slo ned ved 20-tida onsdag kveld har folk i Fjærland og Sogndalsdalen måtte klare seg utan straum. Ved 08-tida er fleire abbonentar i Fjærland framleis utan straum.

Skapar problem for fleire

Dette skaper problem for fleire, mellom anna for bønder og dei som driv Hotel Mundal i Fjærland.

- For bøndene som produserer mjølk er dette problematisk. Dei fekk ikkje mjølka kyrne i går kveld og straumen er framleis vekke, seier nattevakt Andreas Orheim ved hotellet.

Også gjestane får merke korleis naturen påverkar dagleglivet.

- Vi har fullt hus og vi ventar 60 personar til frukost. Men det kan bli litt stusseleg når vi ikkje har hatt straum til å lage til, seier Orheim.

- Det kan ta nokre timar til

Ved 07.30-tida kunne Stadheim i Sognekraft opplyse at dei framleis leitar etter feilen.

- Vi trur det er ein isolator som har punktert etter lynnedslaget. Men vi veit ikkje akkurat kor, difor må vi opp på kvart mastepunkt for å undersøke isolatorane, seier Stadheim.

Han kan ikkje love noko, men håpte i 07.30-tida at abbonentane i området får att straumen om to til tre timar.