NRK Meny
Normal

Straumen tilbake i delar av Lærdal

Store delar av Lærdal var tidlegare i kveld utan straum. Men framleis må mange bu seg på å vere straumlause fram til morgondagen.

Ordførar Jan Geir Solheim

VANSKELEG: Ordførar Jan Geir Solheim seier det er vanskeleg for kommunikasjonen i Lærdal etter at både straum og mobilnett er ute i kommunen.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi har fått tilbake straumen i store delar av Lærdal no. Då mista vi også mobilnettet mange plassar. No manglar vi straum på ei strekning mellom Tønjum til Bø, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

På denne strekninga ser det ikkje ut til at straumen vil kome tilbake før tidlegast i morgon. Han seier dei har kontroll på det dei veit om, men samstundes er det mykje dei ikkje veit.

– Vi veit ikkje kor store rasa har vore i sidedalane, og vi har ikkje god nok oversikt over situasjonen. Det er mørkt og det regnar framleis, seier ordføraren.

Lærdalselva er tre gongar så stor som tidlegare i dag.

– Lærdalselva har auke frå 30 kubikk til i overkant av 100 no. Sideelvene har auke kraftig, så vi har mykje laus drivved i elva som gjer at det proppar seg opp ved ei bru som stengjer E16 i kommunen, seier Solheim.

Ved 20.30-tida sa Solheim dette til NRK.no:

– No er situasjonen meir uavklart enn nokon gong. For to minutt sidan gjekk straumen i Lærdal på Lærdalsøyri og Ljøsne, fortel ordføraren.

Straumen har også gått i Flåm frå kaia til kyrkja.

Evakuerer framleis

Ordføraren har akkurat snakka med politiet, og situasjonen med flaumen er at ein framleis er på same nivå som tidlegare i kveld. I tillegg har temperaturen gått ned.

– Evakueringa held dei framleis på med. Elva tek stadig nye laup og fleire bruer er vekke, fortel ordføraren. Bruene ligg då og demmer opp sidevegar i elva. Så ordføraren seier det stadig vert gjort nye vurderingar i forhold til evakuering.

31 menneske i Erdal og 10 Vindedalen er no utan vegsamband, samt ein del gardsbruk på Ljøsne manglar veg.

Mellom 40–50 menneske i kommunen er no utan vegsamband, opplyser Solheim like før klokka 22.00. Mange er evakuerte, og på rådhuset er det oppretta kriseleiing som vil vere der utover natta.

Mangla mobilnett

På grunn av dei store nedbørsmengdene fløymer det fleire stader i Lærdal kommune. Ni personar er evakuerte, og fleire vegar, blant desse E16, er stengde.

– Vi har i alle fall ikkje straum, og så går vi på naudnett på mobilen. Det vi veit frå tidlegare hendingar er at då har vi mobil ein halvtime, og så er det ute, seier Solheim.

At straumen har gått gjer det svært vanskeleg for kommunen, både for internkommunikasjon og kommunikasjon mellom naudetatane.

– I tillegg er vi veldig redde for kva som kan ha skjedd, og kva som er grunnen til at straumen har gått, seier Solheim.

Jobbar med å få oversikt

Per Gullaksen, dagleg leiar i Lærdal Energi, seier dei no jobbar med å få oversikta.

– Vi veit enno ikkje kva som er årsaka. Vi held på å kartleggje no, seier han og reknar med å få inn igjen delar av straumen i Lærdal ganske snart.

Heile Lærdal nedom Stuvane ute. Det vil seie sentrale Lærdal og opp mot Ljøsne.

– Det er masse folk ute og full fart her, seier Gullaksen.