Hopp til innhold

Rekordmykje snø i fjellet gir billegare straum

Lommeboka di kan glede seg over dei snøtunge fjella og vatnet som renn. No blir det billigare straum.

Enorme snømengder - fryktar vårflaum

FYLLER LOMMEBOKA: NVE har aldri målt så mykje snø i fjellet på denne tida av året. I gjennomsnitt ligg det 3 meter med snø att, i juni.

– Vi ser på det framtidige prisbilete utover sommaren at det store snømagasinet vi har i Norge er med på å påverke framtidige prisar. Det kjem i samstundes som produksjonen av vindkraft er høg og at atomkraftverka kjem inn att, ser lysare ut for forbrukarane sin del og litt mørkare ut for produsenten, seier Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

Rekordmykje snø i fjellet

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har denne veka gjort rekordmålingar av snø i fjellet, gjennomsnitt tre meter med snø. I Sogn og Fjordane er det i gjennomsnitt 2,5 meter.

– Det er ikkje berre uvanleg mykje, men det er rett og slett "all time high" av målingar vi har gjort av snø, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Brigt Samdal regionsjef NVE

REKORDMÅLING: Brigt Samdal i NVE har aldri før målt så mykje snø i fjellet på denne tida av året.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Dei enorme snømengdene i fjellet kan føre til storflaum viss snøen smeltar for raskt. NVE har oppmoda kraftprodusentane om å senke vasstanden i dei største magasina på Vestlandet for å unngå storflaum. Flaumfaren uroar også kraftprodusentane.

– Dei regulerte vassdraga har ein mindre flaumfare enn dei uregulerte vassdraga fordi vi kan halde att regulert vatn eller snøsmeltevatn. I år har vi søkt NVE om å tappe ned magasina våre ekstra slik at vi kan halde tilbake ekstra mykje vatn fordi det er ein heilt ekstraordinær situasjon i år, seier Osvoll i Sunnfjord Energi.

Olav Osvoll

BILLIGARE: Olav Osvoll i Sunnfjord Energi lovar kundane billigare straum.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Fryktar varme med stor snøsmelting

Han er også uroa for kva som kan skje dersom det brått blir varme og stor snøsmelting.

– Vi fryktar at all snøen som ligg i fjella skal komme ned på ein gong. Viss vi får ei brå smelting får vi ei rask snøsmelting som vi ikkje klarer å halde tilbake.

Selskapet har framleis plass til smeltevatn i dei øvste magasina. Men i låglandet er smeltesesongen godt i gang og avslutta andre plassar. No håpar han på ei jamn fin snøsmelting utover sommaren.

– I år er det er ingen fare for at det blir tomme magasin og høge prisar i sommar på Vestlandet, seier Osvoll.