Hopp til innhold

Hydro mista straumen

Ein feil i ein transformatorstasjon gjorde at straumen gjekk i Høyanger. Også Hydro vart råka.

Hydro Høyanger

STRAUMLAUSE: I ein kort periode var metallverket til Hydro i Høyanger utan straum,

Foto: Heidi Lise Bakke(MMS) / NRK

I om lag 10 minutt var straumen vekke ved aluminiumsverket til Hydro i Høyanger.

Bjørn Skaar

BEREDSKAP: Bjørn Skaar i Hydro seier dei har beredskap for straumbrot.

Foto: Hydro

– Litt før klokka 20 fekk vi melding om eit straumutfall. Det råka også aluminiumsverket vårt. Utfallet varte i cirka 10 minutt.

Det seier pressevakt Bjørn Skaar i Hydro.

– Kva konsekvensar fekk dette?

– Eit kort straumbrot skapar ikkje store konsekvensar for produksjonen. Men det betyr at vi må køyre opp att straumstyrken og produksjonen gradvis etter visse rutinar. Det jobbar vi med no, seier Skaar i Hydro.

– Vi har ein viss beredskap for at slikt skal skje. Eit straumbrot på 10 minutt er ikkje alvorleg, men det betyr at vi må gjere ein innsats for å få verket opp å gå igjen.

Det er eit mareritt for smelteverk å miste straumen.

Blir den vekke lenge nok, kan aluminiumen storkne og gjere skadar for millionar.

Det skjedde ved Hydro-verket i Årdal i fjor. To gonger.

Transformatorfeil

Irene Meldal

FEILRETTAR: Irene Meldal i Statnett seier dei jobbar med å rette opp feilen.

Foto: Statnett

Kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett fortel at dei jobba på spreng med å rette opp feilen.

– Det er ein feil i ein av Statnett sine transformatorstasjonar i Høyanger. Den eine transformatoren er ute av drift, og vi jobbar med å leggje produksjonen og forbruket over på ein annan transformator, sa Meldal klokka 20.

– Kor kritisk er det?

– Sjølv om det er Hydro sitt forbruk til aluminiumsproduksjon, så toler det eit straumbrot på ein kort periode.

Meldal i Statnett fortel no at straumbrotet skjedde klokka 1938. Omlag klokka 2010 hadde dei fått ført produksjonen over på ein annan transformator. Og klokka 2031 hadde Hydro full straumleveranse att.

Ei stund var også privatkundane frå Høyanger til Vadheim utan straum.

No skal straumen vere tilbake hjå dei aller fleste.