Hopp til innhold

Stranda på Lote

Sjølv om han var ute i god tid vart Abid Raja ståande att på ferjeleiet på Lote då han skulle vidare på miniturneen sin i føremiddag.

Abid Raja på Lote

SKUFFA: Abid Raja må vente på neste ferje frå Lote etter den han prøvde å kome med var full.

Foto: Abid Raja

Nestleiaren i transportkomiteen på Stortinget har i sommar vore på det han omtaler som ei samferdslepolitisk danningsreise i landet, både på sykkel og i bil.

full ferje frå Lote

FULLT: Ei smekkfull ferje frå Lote til Anda i ettermiddag.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– For meg er jo dette ein eingongsopplevelse, men for folk som bur i regionen må jo dette vere veldig irriterande daglege hendingar, at ein ikkje kjem med. Når eg no snur meg her ser eg at det er fire rader fulle av bilar allereie no, og eg ser ei ferje som kjem frå den andre sida no bugnande full av bilar. Det at ein vurderer å sette inn ei mindre ferje her er det vanskeleg for meg som samferdslepolitiker å skjøne, seier Raja.

Spesielt samantreff

Ordførar i Eid og partikollega Alfred Bjørlo fortel at dei i går hadde samtalar om situasjonen mellom Anda og Lote.

Alfred Bjørlo

UHALDBART: Alfred Bjørlo meiner at det er uhaldbart å sette inn ei endå mindre ferje på Lote-Anda.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det litt spesielle samantreffet her er jo at vi frå Gloppen og Eid Venstre i går tok opp med Abid Raja at det er heilt uhaldbart at Fjord1 no har tenkt å sette inn ei mindre ferje enn i dag på dette sambandet. Så må han altså stå att på ferjekaia dagen etter fordi dagens ferje ikkje har nok kapasitet, seier Bjørlo.

Med seg tilbake til Oslo har Raja fått ei rekke krav frå dei lokale Venstre-laga. Dei vil ha opprusting av E39 mellom Byrkjelo og Sandane, betre ferjetilbod på Lote-Anda og oppgradering av Lotetunnelen eller ein heilt ny tunnel.

– Her må ein både sette inn fleire ferjer, meir moderne ferjer og at ein kan ikkje bli avfeia med stadig mindre ferjer på denne strekninga. Ein vert litt stemoderleg behandla, synest eg. Dette aktar eg å ta opp med samferdsleministeren ved første høve, seier Raja.

Ingen dramatisk auke i bilar som står att

Stian Hårklau, driftsdirektør i Fjord1, viser til at ferjebyte held seg til krava i kontrakten med Statens vegvesen,

– Både den ferja som går no og den ferja som er tenkt å settast inn ved årsskiftet overoppfyller jo kontrakten. Så er der heller ikkje mange ferjer av denne størrelsen å oppdrive i marknaden. Det gjer at vi er nøydde til å sette inn materiell der dei er mest hensiktsmessige til ei kvar tid.

– Skjer det ofte på denne strekninga at bilar må stå att?

– Nei, vi har ikkje opplevd noko dramatisk auke i bilar som står att etter at vi bytte MF Lote mot MF Lifjord, seier Hårklau.