Hopp til innhold

Stranda i Selje har blitt kåra til ei av verdas dyraste

Reiseoperatøren TravelBird har kåra dei dyraste strendene i verda. På tiandeplass ligg den norske stranda Seljesanden.

Selje

KVIT OASE: Midt i Selje sentrum ligg Seljesanden. Ifølgje ei kåring er dette ei av dei dyraste strendene i verda.

Foto: Thomas Hagen

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine, seier Stein Robert Osdal, som er ordførar i Selje kommune.

TravelBird meiner eit opphald på stranda i Selje kommune vil koste deg den nette sum av 570 kroner. Dei har sett på prisane for solkrem, lunsj, øl, vatn og inngangspengar. Blant anna vil lunsjen koste deg 243 kroner. Det var Din Side som først omtalte saka.

– Dette er jo tull. Prisane er jo inne i skoddeheimen. Ein enkel lunsj vil koste mellom 80 og 120 kroner, og tar du ei flaske med cola vil det vere 30 kroner ekstra, seier Osdal.

Det er fleire andre norske strender på lista. Blant anna kom Huk i Oslo på 15.-plass og Solastranda på Sola på ein 20.-plass.

Stein Robert Osdal

LER MEST AV DET: Selje-ordførar Stein Robert Osdal meiner kåringa er tull.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ordføraren lovar billig lunsj

Seljesanden ligg midt i Selje sentrum i ei lun vik, og er ein populær stad for mange nordfjordingar på ein varm sommardag.

– Seljesanden er fantastisk på ein solskinsdag. Det er bra med reklame, men eg håper ikkje at folk vert skremde av desse kunstige prisane. Eg kan personleg garantere at du skal få ein lunsj som er billigare enn 243 kroner i Selje, seier Osdal.

I kåringa har reiseoperatøren vurdert 300 strender over heile verda. Stranda i Selje er på inne blant topp ti saman med langt meir kjende strender, som Waikiki i Honolulu og South Beach i Miami.

– Det er ganske latterleg, men denne kåringa kan ein ikkje ta heilt på alvor, ler Osdal.

Til Dagbladet seier TravelBird at dei ikkje har tilsette som kan svare på spørsmål om denne saka i helga.