Hopp til innhold

Dei har budd 10 dagar i den tronge hytta på lastebilen

HÅBAKKEN (NRK): Trailersjåførane ventar tolmodig i Lærdal på at arbeidsgjevaren i Polen skal hjelpe dei ut av knipa han har sett dei i.

Stranda i Lærdal

KOMMUNISERER MED TEIKNESPRÅK: Sjåførkollegaene Valery (48) frå Lviv i Ukraina og Adam (42) frå Krakow i Polen må kommunisere ved hjelp av google-translate eller teiknespråk.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi brukar dagane til å gå små turar og til å snakke i telefonen. Det er kjedeleg, fortel Adam til NRK.no.

Førre onsdag var dei to kollegaene på veg austover mot Oslo med ein borerigg bak på traileren. På E16 ved Håbakken i Lærdal vart dei vinka inn av kontrollørane til Statens vegvesen som konstaterte at boreriggen var for tung for traileren dei køyrde.

Sende på reise med for tung last

Det kvalifiserte til 26 000 kroner i bot. Ikkje berre hadde arbeidsgjevaren sendt dei to sjåførane av garde med for tung last, men han hadde heller ikkje søkt om dispensasjon for å køyre riggen ut av landet.

Dermed vart dei to sjåførane, som bur saman i bilen og deler på å køyre, ståande att på Håbakken med berre det dei stod og gjekk i.

– Vanlegvis låser me fast trailerane når gebyra blir så høge og det vart gjort også i dette tilfellet. No er bota betalt og Valery og Adam kan eigentleg forlate Håbakken, seier Tormod Gausdal, seksjonsleiar ved Sogndal Trafikkstasjon.

Likevel seier reglane at dersom sjåførane har starta på ein tur utan dispensasjon, må lasta over i eit anna køyretøy for å søkje på nytt og få dispensasjon.

Får hjelp frå andre sjåførar

Arbeidsgjevaren i Polen har sendt eit nytt vogntog til Norge i staden for å leige køyretøy i Norge. Men vogntoget lét vente på seg. No har det gått 10 dagar sidan dei to kollegaene vart stogga og ingen vogntog har dukka opp.

Takka vere polske tilsette i ei naboverksemd til kontrollstasjonen har dei klart å skaffe seg mat. Polakkane har køyrt sjåførane ned på Lærdalsøyri for å gjere innkjøp.

Toalettbesøka tek dei på det offentlege toalettet på Håbakken. Resten av tida må dei sitje i førarhytta eller sove i hengekøya i det polskregistrerte vogntoget.

Tormod Gausdal har stogga mange vogntogsjåførar som ikkje klarer å halde seg til regelverket.

KONTROLL: Tormod Gausdal i Statens vegvesen kontrollerer vogntoga.

Foto: Borgar Sagbakken

Må kommunisere via teiknespråk

Tormod Gausdal har vore bekymra for dei to sjåførane, som ikkje snakkar anna språk enn polsk og ukrainsk og som berre gjer seg forstått via teiknspråk eller Google omsetjar.

– Me har tilbydd dei mat og pengar slik me plar gjere med sjåførar som strandar på Håbakken. Men dei har forklart at dei klarar seg, seier seksjonsleiaren.

Han innrømmer at han har dårleg samvit.

– Det er kummerlege forhold og ikkje kjekt i denne varmen. Men slik er reglane. Og det er ein god tone mellom oss og sjåførane, seier Gausdal.

Tilbake på den store parkeringsplassen på Håbakken anar ikkje Valery og Adam kva tid eit nytt vogntog kjem, eller kor mange dagar dei må vente. Adam peikar på måndag eller tysdag i mobilkalenderen. Men han veit eigentleg ikkje.

– Maybe, seier han på gebrokkent engelsk. Og prøver seg på eit smil.