NRK Meny
Normal

Strand tilbake for Sogndal - følg kampen her

Petter Strand er tilbake i Sogndal sin startellevar til kveldens oppgjer mot Nest Sotra.

Petter Strand

TILBAKE: Ein av Sogndal sine viktigaste spelarar er tilbake i kveld: Midtbanespelaren Petter Strand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Strand har vore ein av Sogndal sine sterkaste kort så langt i sesongen, men har vore ute med ein strekkskade i fire veker. I kveld er han friskmeld att og tek plass på høgre midtbane.

Kristiansund knappa i går kveld inn Sogndal sitt forsprang i 1. divisjon til fire poeng etter at dei slo Bærum søndag kveld. To av dei andre opprykksrivalane Sandnes Ulf og Hødd, tapte sine kampar søndag kveld. Brann møter Fredrikstad samtidig som Sogndal møter Nest Sotra.

Sogndal stiller med følgjande lag:

Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Victor Grodås - Petter Strand, Bjørn Inge Utvik, Babacar Sarr, Thomas Drage - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth

Benken: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Rune Bolseth, Ruben Holsæter, Edin Øy, Simen Brekkhus, Osita Chikere.

Kampen startar klokka 19.00.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå