Hopp til innhold

Strammar inn reglane

Eit samrøystes fylkesting gjekk i går inn for strengare reglar etter rotet som har vore i fylkespolitikken rundt Fjord1-diskusjonane. Det har vore usemje og uvisse knytt til kven som vart informerte om kva og kor tid. Kontrollutvalet granska saka og bad fylkestinget vedta strengare reglar for protokoll- og journalføring for det som gjeld eigarskapssaker og munnlege orienteringar.